tirsdag 20. juli 2010

Ein fridag til disp

Få ting er kjekkare enn ein fridag utan planar. Blanke ark, nye moglegheiter, rom for fri utfolding. I dag har eg hatt ein fridag.

Den byrja så dårleg som ein dag kan byrje omtrent. Eg vakna med betennelse på begge augene, noko som er utruleg vondt. Det kjem som oftast etter at eg har vore litt sløv med å ta ut linsene om kvelden, så eg har vel i grunn berre meg sjølv å takke. Men det er ikkje poenget akkurat no. Poenget er at det var vondt. Så eg låg der i senga og tykte synd i meg sjølv, og prøvde å sove det av meg. Heldigvis har eg ein veldig snill pappa som køyrte på butikken og kjøpte ibux. I fysiologi har vi lært ein god del om korleis ibux (og andre NSAIDs) fungerar, og eg låg og tenkte på korleis tablettane angreip skaden, og etter ei stund gjekk det faktisk over. Snakkar vi placeboeffekt?

Med linsene ute, og brillene på plass, kunne eg ta fatt på den nye dagen. Etter frukost reiste eg og Per Inge til shoppingmekkaet Åsane, der målet var Fretex, Biltema og IKEA. Per Inge har nemleg eit heilt rekkjehus å innreie, og det er veldig kjekt å få vere med og bestemme korleis det skal fyllast opp. Vi har kome fram til at det blir nok veldig bra.

På Fretex er det ofte litt varierande kva ein får tak i, og av og til er det berre ting frå rundt år 2000, altså ikkje gammalt nok til at det blir kult. Men i dag, i dag var det verkeleg ein flott dag. TIl saman svei vi av nesten 800 kr, og på Fretex tilsvarar dette mange ting. Det beste kjøpet var nok Per Inge sitt nye kjøkenbord med tilhøyrande stolar. Heile herlegheiten kosta han 500 kr, og det er ikkje akkurat til å grine på nasen av. No er det godt plassert i garasjen til mamma og pappa, som de kan sjå her:


Duken og spannet er òg frå Fretex. Og i tillegg til at ein finn billege ting på Fretex, så kan ein gle seg over å gjere noko lite for miljøet ved å bruke ting som andre ikkje vil ha i staden for å kjøpe noko nytt.

Etter oppturen på Fretex, var det duka for middag på IKEA, der køen var lang som eit vondt år, men maten var god, og alt i følgje meg er alt i grunn ganske greitt så lenge eg får i meg mat.

No i kveld har vi hatt besøk av tre av søskenbarna mine, dei tre yngste, og det vart som forventa veldig koseleg. Vi åt jordbær og spelte Millionær. Eg gjekk konkurs så og sei med ein gong, så det er kanskje like greitt at eg ikkje har kome meg ut på bustadmarknaden enno.

Dagane framover vil gå med til jobbing, før det blir feiring av Eline og Magnus som skal gifte seg i Balestrand på laurdag. Det gler eg meg utruleg mykje til. Elles driv eg og Ragnhild Sofie og ser på sydentur, og håpar vi finn noko billeg. Viss vi får kome oss til sørlegare strøk blir det i alle fall litt sol på kroppen i sumar.

Vonar de alle nyt sumardagane der de er!

Ingen kommentarer: