onsdag 30. juni 2010

Eg diggar svenskar.


Svenskar. I dag vil eg bruke ytringsfridomen til å hylle svenskar og svensk kultur. Den svenske entusiasmen, den svenske positiviteten.

Kven blir vel ikkje glad når nokon seier "tjena!" til deg i dagens mest positive tonefall? Ok, kanskje ikkje viss personen jobbar på Carlings. Jo, faktisk, då òg. Eg blir faktisk kjempeglad då. Det strøymer positivitet av svenskar. Det er litt magiske sånn sett.

Eg har vore i praksis med to svenskar no. Å bli møtt på jobb om morgonen med ein person som står i andre enden av den laaaaange gangen og vinkar glad i til deg, er ikkje akkurat ein dårleg start på dagen. Og etter at dei hadde vore til dømes på lunchrommet eller i gangen, var det som om det låg att ein klatt med iver der, nok til at mange kunne ta med seg litt. Før eg møtte dei har eg sett mange ja, vi må vel kalle det norske, undersøkingar der ein seier "ja, no skal vi sjå litt på ryggen din". Det er jo vel og bra. Men det vert så mange hakk meir koseleg når nokon seier "aha, nu skal vi titta lite på din rygg". Titta er eit ord eg likar så godt. Det er koseleg og kan brukast berre i tull og alvor.

På facebook er det ingen gruppar som har så morosame namn som dei svenske gruppene. Det er nesten slik at med ein gong noko er skrive på svensk, så blir det morosamt. Men dette gruppenamnet er morosamt: Vi som hatar dom som ljuger om att dom har hest för att få kompisar! Det hadde aldri blitt like morosamt på norsk, det er eg sikker på.

Svenskar er alltid interesserte i kva du har å seie. I alle fall alle dei eg har prata med. Og eg har prata med ein god del. Nordmenn har ein tendens til å få eit velkjent festivalblikk, eit blikk som flakkar rundt etter betre personar å prate med. Svenskar ser deg djupt inn i augene og lyttar verkeleg. Det kan vere fordi dei ikkje heilt forstår dialekta mi, men eg trur også det noko meir. Eg vonar i alle fall det... Men eg trur at svenskar er oppriktig interesserte. Og så gjev dei respons på ein munter måte. "Jaha! Okei, aa, men det er bra". Dei tek seg tid.

Kanskje er det ein sum av alt dette gode som gjer at dei er så dyktige? For det er berre å innrømme det, at svenskar er dyktige. Eg nemner i fleng: H&M, ABBA, Gina Tricot og ikkje minst IKEA. Dei får det til.

Våre vener i aust har sjølvsagt òg sine litt rare sider. Midtsommarfesten der ei dansar rundt en stong er vel ikkje heilt til å bli klok på, og det at dei et risengrynsgraut ikledd ein fiskepuddings drakt kjem vel alltid til å vere litt rart. Men på ein måte blir det alt i alt berre søtt. Og eksotisk.

Ein skulle kanskje tru at svenskar og nordmenn skulle vere ganske like. Vi har det lyse håret, dei blå augene, ei felles fortid som kongerike og Vikinglotto. Eg opplever likevel at det er ganske stor skilnad. Eg trur ikkje eg kan tenkje på ein meir reservert og sjølvopptatt person enn ein nordmann. Det verste er at vi trur at mange andre er slik, at vi ikkje er så gale. Typisk. Men når sanninga er at hakket meir av glede, positivitet og entusiasme berre litt nokre timar lenger aust, då må vi kanskje tenkje oss om ein gong til. Eg seier det igjen, eg diggar svenskar.

Og til slutt, to fantastiske svenskar som eg har vore så heldig å få dele Oslo med:

Ulrika og Daniel, no på veg til Australien. Tøffe er dei!

2 kommentarer:

Natanael sa...

En norsk väninna länkade din blogg till mig. Det var fint det du skrev om oss! Har just bott i Norge, Tromsö, ett år nu. Härligt att få positivt omdöme av en norska! Även om vi inte känner varandra:)

Jorunn Andrea sa...

Fab, astrid! Eg er så hjartans enig:) Det er noke veldig mysigt over "jaha. aa. så der". OG fantastisk facebookgruppe! eg vurderer å bli medlem. God sommar vidare, og tusen takk for eit blogginnlegg som fekk meg til å le høgt fleire gonger. :)