onsdag 28. april 2010

Vinnarar!

Ja, då var det vel på tide å avslutte konkurransen. Det kom inn haugevis med folk som ville vere med på tur, det var verkeleg vanskeleg å avgjere kven dei heldige skulle vere, men no har eg tatt ei avgjerdsle. Dei heldige som skal få vere med på tur er: Karen Marit, Solveig, Andreas og sist men ikkje minst, Per Inge! Eg trur det blir ein knalltur.

No sit eg i leiligheta heilt aleine, og her er det stille. Det har det vore ei stund òg, for dei tre andre eg bur med er vekke alle saman. Per Inge er på Finse med idrettsklassen sin, så det er begrensa kor mykje liv han kan lage her. Med andre ord, eg er aleine heime! Det er noko som ikkje har skjedd så alt for mange gongar dei siste åra, og det er vel ganske sjølvsagt når dei siste fem åra har vore tilbrakt på internatskule av eit eller anna slag. Det var ei uvan kjensle å ville finne på noko, men ingen å finne på noko med. Det har eg ikkje opplevd så mange gongar før. Sjølvsagt kunne eg ringt nokon, men det er kanskje ikkje så populært etter kl 23.00. Men alt i alt trur eg ein har godt av å berre vere litt for seg sjølv av og til. Kjede seg litt, ta litt ansvar for sin eigen underhaldining, vaske sine eigne klede, hehe.

På skulen går det fint for tida. No har eg berre undervisning tre dagar i veka, og det er ikkje feil det. Men merkeleg nok er det frykteleg vanskeleg å kome seg på skulen dei dagane det faktisk er skule. Trur eg enno svevar litt på gleda over å ha stått på anatomieksamen, og har lyst på litt meir ferie. Men ein ny eksamen ventar, og det er vel berre å kome i gang. Denne gongen er det fysioterapeutisk funksjonsundersøking som står på programmet. Det er ein praktisk eksamen, så det er ikkje så alt for mykje å lese på, så det er jo greitt. På ein måte. Lite skule gjer at eg får jobba litt meir òg, og pengar er alltid fint å ha.

Men altså, eg gler meg til Sverigetur, og gratulerer til vinnarane!

2 kommentarer:

Solveig sa...

JIPPPIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIII :D :D :D :D :D :D Min drøm har gått i oppfyllelse!!! JEG GLEDER MEÈEEEG!!!

Karen Marit sa...

HURRA!! no vart e skikkele GLAD!!
BRUS inni meg :D