søndag 11. april 2010

Ventedagane

No har det kome til det punktet i anatomilesinga at eg berre vil ha livet mitt tilbake. Eg gler meg til å kunne gjere noko anna enn å tenkje på latin, nervar, utspring, feste og funksjon.

Eg var med og såg på ein eksamen som ein i klassen min hadde. Det var ikkje akkurat koseleg for å seie det sånn. Der var det grilling for alle penga.

Skriftleg eksamen høyres ut som luksus for meg. Ein kan skrive, viske ut, tenkje seg om, byrje på nytt, byrje på den oppgåva ein vil eller berre levere blankt utan at sensor veit kven du er, for du er berre eit kandidatnummer.

På munnleg eksamen står fire kvasse auge og følgjer deg medan du gjer ditt beste for å finne fram til kva som er m. teres minor og kva som er m. teres major.

Eg kan vel ikkje seie meir enn at eg gruar meg. Er redd for å misse hovudet, redd for å gløyme det eg har pugga. Sant å seie så er anatomieksamen i grunn berre ein test i kor mykje studentane klarar å presse inn i hovudet på kort tid.

Som sagt, eg vil berre ha livet mitt tilbake.

Og når det skjer skal eg:
- Gå på tur i sola
- Trene
- Sove lenge
- Sutre nokre minutt viss eg stryk
- Gle meg viss eg står
- Besøkje nokre av dei beste folka eg veit om
- Sitje på cafè ute i sola
- Opphalde meg alle andre plassar enn på Domus Medica
- Slutte å vere nervøskvalm
- Rydde rommet
- Rydde klesskapet
- Senke skuldrane

Eg seier det igjen. Eg vil berre ha livet mitt tilbake.

4 kommentarer:

Solveig sa...

- aktivisere solveig.

Astrid sa...

Oh yes! Det gler eg meg SKIKKELEG til, for eg veit at vi begge er supermotiverte. Det blir BRA :)

Karen Marit sa...

du er velkommen tilbake!
(gleder meg til kofferten finner en nyt plass)

Stine sa...

lykke til :)