mandag 29. mars 2010

Paosje!

Folkens, no er det påske. Et dykk mette, gå ein tur, les i bibelen, bruk tid med gode vener og familie. Ikkje gå i fella om å tenkje på og bli trykt ned av alt de burde ha gjort, for dette er dagen som Herren har gjort, lat oss fryda oss og gleda oss på den! Forresten så liknar ordet "burde" veldig på ordet "byrde". Eg berre nemner det...

Det var dagens visdomsord. Under kjem litt ymse babling. 

I dag skulle eg ha meg ein bytur. Per Inge har nemleg bursdag i morgon, så eg gjekk ut på leit etter bursdagsgåve, noko som i grunn var veldig kjekt. Mamma og pappa har verkeleg tatt av når det gjeld bilinnkjøp, så eg hadde faktisk opp til fleire bilar å velje mellom. Sjølvsagt velte eg den vesle raude, vår kjære el-bil, og sette utfor Isdalbakken. Den suste og gjekk fram til byn, men på tilbakevegen sa den stopp og ville ikkje gå lenger enn til Åsane. Per Inge måtte kome og redde meg, men det var i grunn berre veldig kjekt. Vi sang høgt i bilen. I tillegg til at el-bilen levde sitt eige liv vart eg nesten påkøyrt tre gongar av ville bergensarar. Så det var ein ganske dramatisk føremiddag. 

Anatomien har eg ikkje kome heilt i gong med, men det kjem. Må berre ha litt ferie først, for det har ein godt av. Fekk resultatet frå fysiologieksamen i dag. Eg sto, og det gjekk i grunn veldig fint. Godt nøgd. Turen til Balestrand helga før eksamen gjorde nok berre godt. 

Elles har eg blitt flittig brukar av etebuksa som Per Inge kjøpte i London. Etebukse er ei alt for stor bukse som det er plass til ca to personar oppi = du kan ete så mykje du vil utan at buksa strammar. Sikkert ikkje så lurt, men veldig behageleg. Ei fin feriebukse. 

1 kommentar:

Solveig sa...

haha e sjer færr me deg i el-bil!! hihihi :D