lørdag 13. februar 2010

Tekst og trøkk


Før eg byrjar på det eigentlege innlegget, vil eg vise dykk to av mange plakatar som Karen Marit hadde laga til meg på bursdagen. Rørande og gledande langt inn i hjarterota! Takk!

Men frå spøk til Halvor. I dag har eg hatt ein dag som eg er godt nøgd med. Eg klarte å stå opp i rimeleg tid, og for min del er det stå-opp-tidspunktet som i grunn set standaren for heile dagen. Klarar eg å kome meg opp tidleg blir dagen bra. Blir eg liggjande lenge får eg i grunn ikkje gjort noko i det heile. Men i dag, på ein laurdag, vakna eg lys våken klokka 09.00, og då var det i grunn berre å setje i gang. Godt var det å faktisk kunne ta seg litt tid til å ete ein skikkeleg frukost. Det skjer ikkje ofte for å seie det sånn. Ein av grunnane til det er at eg kan ikkje fordra å ete åleine, og sidan eg som oftast er den førte som står opp så et eg heller på bussen. Der er det jo folk.

Eg må berre få dele ein ting med dykk, og det er at G-sport har god kundeservice. Til bursdagen fekk eg eit par ting som var i feil storleik, og sjølv om eg ikkje hadde kvittorna (som det heiter så fint på svensk), fekk eg bytta det inn i ein tilgodelapp som eg brukte 15 minutt seinare på løpeshorts. Det er som ein kort løpetights. Veldig.. tight. Men god som gull. Skal prøve den ut i morgon på Elixia. Spinningsko har eg fått meg òg, så her går det unna!

Etter at eg hadde fryda meg over god kundeservice og nye innkjøp fekk eg lest nokre timar på lesesalen. Kan ikkje seie at konsentrasjonen var på topp, men eg trur likevel eg fekk stifta litt betre bekjentskap med respirasjonssystemet. Det er så herleg når det er lite folk på lesesalen, for då kan ein berre breie seg utover med både sekk og jakke og vottar og mat. Ulempen med å lese på ein laurdag, som eg fekk erfare, er at viss ein ikkje hugsar å ta med seg nøkkelkortet når ein går ut for ein dopause, så kjem ein seg ikkje inn att, og då blir ein liksom berre ståande der med skjegget i postkassa til nokon kan låse opp. Heldigvis vart eg ikkje ståande så alt for lenge.

Då lesinga var ferdiggjort var det tid for litt kvalitetstid med slekta. Eg og Martine åt middag saman og såg litt på OL-sermonien. Den var så pompøs som ein OL-sermoni skal vere. Det var både kvinner, menn, handicapa og urfolk som var med på ildtenninga, så det var jo veldig politisk korrekt. Godt jobba. Forresten så var OL-ilden veldig flott! Eg hugsar då kronprins Haakon tente ilden i 94. Då var det jo i grunn berre eit brennande trau. Så fin oppgradering. Eg heiar på Petter Northug jr. Han er helten min. Trass mange rare uttalingar så er han ein heilt rå idrettsutøvar. Så eg bøyer meg i støvet for han. Heia Noreg!

Apropos middag og mat, så skal de vite det at viss nokon av dykk skal byrje på fysio, så er det berre å bli van med at folk et. For der et folk heile tida. Det er seriøst alltid nokon som sit og et. Men det er i grunn bra. Det visar at vi er sunne og et og er friske. Denne etekulturen har då ført til at eg har fått enno meir fuglemage (for å bruke søster Åshild sitt uttrykk) enn før, noko som førar til at eg går konstant med angst for å få lågt blodsukker og et difor stort sett heile tida. Men eg trivst med det. Mat er godt.

Denne helga er det Winter Wakeup Festival her i Åslåo, og eg har vore med på ein del. Det er fint når dei ulike forsamlinange går saman og arrangerar noko felles. Eg likar konseptet. I går var eg på konsert med gospelkoret Safari, og eg kan ikkje noko anna å seie amen til det. Dei er dyktige. Andre som er dyktige er Garness som eg var på konsert med i kveld, og før det igjen var eg på talkshow der mellom anna D*Sound deltok og var med og leika beat for beat. Så eg har vore på lag med Simone på beat for beat. Likar tanken på det.

Elles så gler eg meg til den dagen eg kan finne fram vårsko og gå på bar asfalt. Det blir godt.

Ingen kommentarer: