onsdag 10. februar 2010

Flink og spesiell

Eg må berre få skryte litt av meg sjølv, for eg klarar faktisk å ha godtefri. Karen Marit held meg i tøylane og er i grunn ein god hjelp på vegen. Eg må nemleg betale 200,- til både ho og Per Inge viss eg sprekk, og eg kan love dykk at eg er nær ved å sprekke kvar einaste dag. Av ein eller annan grunn ligg det nemleg ein pose med smil på kommoden på soverommet, og kvar dag må eg sjå på den opp til fleire gongar kvar dag. I tillegg veit eg at Karen Marit har ein heil twistpose som vi fekk av Øyvind til bursdagen. Den ligg i skapet hennar, og at ho ikkje har opna den enno er for meg eit stort mysterie. Hadde den posen vore min, hadde eg sikkert fortært den i løpet av ein kveld i selskap med Grey's anatomy. Som de ser så er det kanskje til det beste at eg har godtefri. Det kjennest i alle fall veldig godt å kunne vite at eg sparar meg for både hol i tenna og kviser. Dei tenna mine må eg nemleg passe godt på.

Apropo Grey's anatomy. Det er ganske komisk at det er eit anatomisk atlas som heiter nesten det same. Det var i alle fall veldig komisk første forelesninga vi hadde anatomi, då elles så alvorlege Dr. Per Holck sa at vi måtte passe på å ikkje forveksle Gray's med Grey's, for det ville ikkje gje særleg utbytte av lesinga.


Sukk. Nerdehumor. Det blir godt når eksamen er over.

Ingen kommentarer: