torsdag 5. november 2009

Nytt perspektiv

Eg merkar at det var andre tider før.

Etter at eg har byrja på HiO føler eg at eg står litt på utsida av verda og ser inn, noko som høyres veldig trist ut, men det er det ikkje. Eg føler at eg kan sjå ting frå eit litt nytt perspektiv, og det er spanande. No som eg omsider har klart å lausrive meg frå ymse NLM-bobler (eller.. eg klarar nok aldri heilt å lausrive meg frå Sygna, men uansett), klarar eg å sjå kristendom frå eit nytt perspektiv. Eg har ofte tenkt at dei som ikkje kjenner Jesus går og lengtar etter noko meir her i livet. Dessverre har eg funne ut no at dette stemmer ofte ikkje. Folk går i grunn rundt og har det veldig fint sliksom livet er der og då, og eg skjønar det i grunn veldig godt. Sjølv om eg vankar mykje saman med ein muslim betyr ikkje det at eg får så frykteleg lyst til å konvertere. Der er hans meiningar og eg har mine.

Det går mykje i dette for tida merkar eg. Folk syns at det er heilt greitt at eg er kristen, men dei blir ikkje så fykteleg interesserte. Jaja. Det har fått meg til å tenkje litt, og eg har funne ut at eigentleg så er det veldig rart dette med kristendommen. Vi går rundt og trur på ein Gud som vi ikkje kan sjå, og så ber vi til han for ting og tang som sikkert kunne skjedd heilt tilfeldig likevel. Eg byrjar å forstå at dette er rart i andre sine auge. Og eg byrjar så smått å forså kvifor vi på død og liv skal gjere møtene så himla kule over alt. Vi må jo lokke med eit eller anna når kristendommen verkar så rar..

Eg trur den beste måten vi kan vise Jesus på er kjærleiken han har gitt oss. Ved å la den skine gjennom oss. Ved å sei nei til baktaling, ved å sjå den personen som ingen vil sitje med på forelesninga, ved å smile, ved å vere interessert, ved å vise omsut, og ikkje minst - ved å slutte å diskutere spørsmål opp og ned i mente som ikkje har noko med kjerna i kristedommen å gjere i det heile. For når dei ser dei gode gjerninane vi gjer, då skal dei prise Far vår i himmelen. Tenk om vi kristne hadde blitt kjent for å vere som Jesus, kjent for å henge med dei som ikkje har nokon, dei einsame. Tenk om forsamlingane våre kunne blitt den plassen der alle kunne kome og kjenne på at her er det godt å vere, her er det nokon som tar seg av meg, her er det noko spesielt - jo her er Jesus. Det finst kanskje ikkje så mange søkjande som er interessert i "religionen" vår, men det mange einsame her i Noreg. Desse treng ingen religion med reglar og bod, dei treng Jesus.

Vil du vere med og vise Jesus?



Ingen kommentarer: