tirsdag 3. november 2009

Koko

Eg merkar så smått at eg blir litt koko når eg berre har meg sjølv som selskap. No ligg eg altså heime med noko som liknar veldig på svineinfluensa, men sidan det ikkje var ledig tid hjå legen har eg ikkje fått påvist det. Uansett så har mamma sagt at eg skal halde meg inne nokre dagar, så då gjer eg det. Sidan dei eg bur mer har betre ting å gjere enn å sitje i leiligheta og kope, sit eg her ganske for meg sjølv. Dette er i og for seg bra, for då får eg god tid til å lese på eksamen som er om tre veker (kvifor er eg ikkje stressa?!). Men eg merkar at det ikkje er godt for meg å vere aleine, og tidlegare erfaringar støttar denne teorien. Då eg var sjuk i 3.klasse på Sygna lærte eg meg ein tjekkisk song utanboks og skreiv den ned med lydskrift. Lurar på kva eg kjem til å finne på no. Forhåpentleg vis noko meir nyttig. Til dømes alle musklane på kroppen. På korrekt latin, ikkje sånn tulle-engelsk-latin.

Elles har eg lyst på kakao, så det skal eg lage meg no.

1 kommentar:

Anonym sa...

Go bedring kjære Astrid!! Stor (grise)klem fra Afrika:)