onsdag 25. november 2009

Ein kveld utan janteloven


I går var eg på Gospelworkshop med Isaac Carree. Han jobbar saman med Kirk Frankin, o store gospelmannen. Manna var der saman med ein del andre kor, og det var verkeleg ei stor oppleving.

For det første fekk eg høyre ein mann med ei fantastisk røyst og med ein evne til å formidle som dei fleste andre berre kan drøyme om. Han song til Gud frå hjartet og med heile seg.

For det andre var det utruleg kjekt å verkeleg få syngje svart gospel saman med mange, mange andre. Eg er sikkert på at både synginga, klappinga og trampinga kunne høyrast ut på gata. Det var morosamt og noko eg har hatt lyst til å oppleve.

For det tredje var janteloven lagt på hylla for ein kveld. Innimellom var det nokre som vart utfordra til å kome opp og syngje solo på eit vers, og det var sjølvsagt skummelt (eg slapp, hehe). Men eg har aldri sett nokon som han som har klart å få fram det beste hjå folk. Folk sto der og song med ganske nervøse røyster, og det er jo ikkje rart, for ein blir jo gripe av situasjonen. Då tok han dei på skuldra, fekk dei til å ta eit steg fram på scena, viste med heile seg at dette kunne dei klare, og det gjorde dei. Og medan dei song sto han ved sidan av og støtta heile vegen med både ord og kroppsspråk. Det var ikkje snakk om å gje seg fordi ein byrja på feil tone eller song falskt. Han sa at dei måtte syngje for Gud. Og det var så godt å kunne sitje i salen og heie folk fram med klapping og "woo!" og verkeleg gje dei som sto der framme ei oppleving av å få til noko. Det er ganske stort at ein mann som han som er profesjonell verkeleg kunne få fram det beste i folk. Og at det var heilt naturleg for han var det ikkje vanskeleg å sjå. Dette var sånn han var.

Det er så ofte i kristne samanhenger at vi lar vere å støtte kvarandre. Vi plukkar talarar, musikarar og møteleiarar frå øvste hylle og gløymer å finne dei som berre treng ein Isaac ved sidan av seg og støtte frå dei i salen. Eit døme frå konserten var at medan vi song og pianisten spelte, gjekk Isaac og sette seg bak trommesettet og spelte. Han er ingen stor trommis, men det var flott, og det gav songane eit løft. Dette hadde sjølvsagt aldri skjedd i ei vanleg norsk forsamling. Folk hadde nekta å spele utan bassist og fordi dei ikkje var best osb. Det var så befriande å sjå at det går an å ikkje vere best for å måtte gjere noko.

Lat oss aldri gløyme dei som har så mykje i seg men som aldri får vist det fram. Isaac gav folk ein sjanse til å prøve og feile for deretter å prøve igjen. Det syns eg vi skal gjere òg.

2 kommentarer:

Per Inge Belt sa...

Du he ei gave når det gjeld å skrive/sette ord på ting Astrid. Bra du dele den gava med oss andre også:) E spennande/viktig lesning, og d trur e d e fleire som meina også. Stå på!

Gunhild Marie sa...

Eg høyrde han på Kongshaugfestivalen, og må seie eg kjenner meg att i det du skriv :) Og konserten var berre RÅ..! Bra mann!