søndag 11. oktober 2009

Eg tykkjer dei er tøffe, eg

Det er nokre personar eg beundrar, nokon som har klart seg gjennom mykje meir enn eg kunne ha klart.

Eg tenkjer på to personar eg gjekk på vidaregåande med. Helene vart gravid i andre klasse, og både ho og Ronnie måtte nok tole mange blikk og kommentarar, ikkje minst dei som føregjekk bak ryggen på dei. Men dei gjorde det som var rett, dei gav livet ein sjanse. Dei sette både framtid og skulegang på vent og tok ansvar for det heile. På toppen av det heile var Linnea sjuk då ho kom til verda, og vart tatt heim til Jesus etter berre nokre veker. Dei kom seg gjennom dette òg, og no er dei gift og ventar nummer tre. Dette kallar eg mot og styrke. I løpet av det siste året er det fleire eg gjekk på ungdomsskule med som har blitt gravide, og eg tykkjer det er så flott at dei vel å ta vare på dette vesle livet sjølv om det kanskje ikkje var heilt etter planen.

Det er godt at nokon trassar framtidsplanar og tek ansvar og ikkje berre snakkar om det, slik som vi kristne av og til kan like å gjere.