tirsdag 8. september 2009

Sjokkdagen


Dagen i dag byrja i grunn ganske bra. Eg sto opp tidleg sjølv om det var lenge til eg skulle vere på skulen. Eg sette med ned i godstolen med pensumboka i fanget, fortsatt i pysjen, og det var i grunn veldig interessant det eg las. Men så skjedde det at eg vart usikker på om eg las riktig plass, så eg fann ut at eg måtte gå inn på fronter og sjekke. Med det same kunne eg jo sjekk timeplanen, og det er eg glad for at eg gjorde, for der hadde det plutseleg blitt ført opp ein forelesning som begynte om ooooops, ein halv time! Snakk om kickstart på dagen. For meg tar det om lag ein halv time å reise til skulen, så dette skulle bli interessant. Det vart lite kvalitetstid foran spegelen, men ein svett springetur til bussen, det kan ein jo alltid unne seg. Eg kom sveitt og god berre tre minutt for seint, fekk ikkje så mange rare blikk, og fekk høyre på ein spanande forelesning om noko eg ikkje hugsar. Jo, leddgikt var det.


Men det var sjølvsagt ikkje nok. Etter skulen skulle eg på jobb på Spice, og då må eg ta t-bane til Økern. Det passa kjempefint, for då skulle eg ENDELEG få sendt post til Johanne og henta ei bok som har venta på meg på postkontoret i snart 2 veker. Men då eg nesten hadde kome meg inn på postkontoret slo det meg at eg skulle ha vore på jobb i same sekund. Sjokk, nesten-hjarteinfarkt og sveitte springetur nummer to. Herleg. Pakken og posten ventar enno, og eg merkar at eg er veldig spent på kor tid eg endeleg skal få gjort opp med postkontoret. So close lissom!


Dagens moral - sjekk fronter ein gong i minuttet, og stå opp ENDA tidlegare sånn at du faktisk får sendt posten og henta det o store anatomiske atlaset du eigentleg har veldig bruk for, men som du ikkje har fått enno. I morgon, då skal eg til Økern, og då skal eg ha god tid.