fredag 11. september 2009

Fysio H09, fredag 11.09.09: Aktivitetsdag

Sidan vi er fysioterapeutstundentar og vår medisin er fysisk aktivitet, bestemte skulen i dag at vi skulle ha aktivitetsdag. Staden var Sognsvann og klokka var 08.00.

Det er få ting som gjer at ein blir så godt kjent som leikar, grilling og sporløp. Mitt lag, team Elg kom på andreplass, ganske godt nøgd med det. Ein av postane i sporløpet var push-up-konkurranse (og då snakkar vi rak rygg opp på tæra, to guttar som står ved sidan av og sjekkar), og eg vart dårlegaste jente med 16 armhevingar. Men eg vart ganske godt nøgd med å vere dårlegast. Har ein del å gå på til eg er på nivå med Janne med det lange, fine håret som klarte 43.

Eg har fått blitt litt betre kjent med folk, og det gjer meg glad. I morgon skal eg i bryllaup, og det gjer meg glad. Frisk luft gjer meg glad. Og det er godt å vere glad.

1 kommentar:

Heidi sa...

16 armhevingar!?!? Gosh, du er god du! =)

Håpa det går bra med studiane, høres i alle fall slik ut;) Masse, masse lykke til!

Klem fra Heidi