tirsdag 22. september 2009

Prais the Lord!


Av og til er det berre for godt til å vere sant når ein får bønesvar. Ein ber, men forventar ikkje noko som helst svar. I dag fekk eg eit ganske så komisk bønesvar.

På fysio har vi eit fag som heiter massasje, der vi ganske enkelt masserar kvarandre. I kvar time er det to personar som blir brukt som demonstrasjonspersonar, altså læraren utfører alt av trykking, knaing og strekking på desse. Eg var sett opp som demoperson komandr torsdag, og då skulle vi ha massasje av ja, rumpa. Då er det ikkje snakk om å ligge med buksa på og trykke litt forsiktig. Nei, då er det av med både bukse og opp med trusa og knaing laaaaaaaaaangt inn i rumpeballane, for gluteus maximus (sjå ill.bilete) sit nemleg langt inne. Eg har sjølvsagt gått og grua meg lenge til dette, men så i dag skjedde det eit under.

Det heile byrja med at Eirin var sett opp som demoperson i dag, og dagens tema var arm. Men i dag tidleg hadde ho fått store raude prikkar under armane, og sidan desse ikkje var så fine, ville ho helst sleppe å vise dei fram til heile klassen. Eg tenkte med meg sjølv at eg ikkje hadde noko imot å vise fram armane mine, og då gjekk ho faktisk med på å bytte. Utan tvang liksom. Så då blir det berre 1-2 personar som får glo og kna på rumpa mi i staden for 30.

Eg er så letta!

Takk til:
- Gud
- Eirin

3 kommentarer:

Martha Berit sa...

E sitte her og ler! For ei fantastisk fin historie:)

Astrid sa...

Så godt å kunne gle deg! Trur det er noko eg kjem til å hugse frå studiet i alle fall, hehe.

Ingvild sa...

Oi, slikt noko har ikkje me byrja med endå. Me har faktisk ikkje kome så lagt som opp til gluteus maximus endå. Har arbeidd oss frå tærne og opp til låret foreløpig, men det kjem vel:)
Tippar du er glad som går i klasse med den kjekke Eirin. Eg hadde ikkje byta med deg:)

Lukke til med knaing, tøying, musculus ditt og ligament datt.
Ingvild:)