søndag 20. september 2009

Manna

Eg har byrja i eit gospelkor som heiter Manna. Denne helga hadde vi øvingshelg, og eg har ikkje ord. Eg har fått lov til å bli kjent med så mange utruleg bra folk, og vi har fått ha ein fantastisk helg på så mange måtar. Vi har fått synge om Kongenes Konge, hatt det übersosialt med til dømes Alias til 02.00 kvar natt, ete mykje god mat (helst 5 organiserte måltid for dagen), høyrt ein veldig sterk tale på søndagsmøte, vore på harryshopping i Sverige, spelt kanonball i ein svensk idrettshall (den var veldig lik som dei vi har i Noreg), leika kva-ville-du-gjort-viss-leiken der samtlege fekk latterkrampe, leika psykolog, fortelt gåter, funne mange felles kjente, ledd enda litt meir, snakka om Jesus.

Eg føler at eg har fått tatt igjen for alt det sosiale eg ikkje fekk på Fjellhaug på ei helg, og eg føler meg velsigna og heldig. Tenk at eg får love til å vere med i eit så bra fellesskap! No gler eg meg til tirsdag som berre det.

Her er forresten eit videoklipp av Manna sin konsert i vår:

2 kommentarer:

Alette sa...

eg vil komme på konsert å høre på dåke! :)

Astrid sa...

Å, Alette, DÅ hadde eg blitt glad! Då skulle eg dedikert ein song til deg ;) Forresten, tenk at du skal til ROMA snart! Tippe du gler deg.