onsdag 5. august 2009

Sumarnytt

Då var UL over for i år, og det kan takast vekk frå dette skjer i livet mitt framover-lista mi. Det var utfordrande talar, mykje nytt og mange tankjevekkarar. I tillegg til dette var det mykje gøy, mykje latter saman med gamle og nye vener, fantastiske gjensyn med sygnakids (å, som eg saknar dykk!) og nokre utfordringar (som å snakke engelsk som seminarvert i amfiet). Eg ser fram til neste år og skal allereie no byrje å be om litt finare vêr enn i år. Det skal ikkje så mykje til for å seie det sånn.

Denne vekar jobbar eg på Domkirkehjemmet i Bergen. Viss du ringer dit, er det eg som tar telefonen og seier "Domkirkehjemmet, versågod!". I tillegg er det eg som sorterar posten, kopierar ting, lagar merkelappar, tar imot blomar, hjelper til med å redde gamle folk som har sett seg fast i bilen, tar imot middagsbestillingar osb osb. Det er ein veldig kjekk jobb der eg får gjere mykje av det meste. Eg sit der litt som floge på veggen, og kosar meg med det.

På fredag skal eg sitje på med Ingvald til Surnadal, for eg er nemleg så heldig at eg har blitt invitert til bryllaup til Solveig og Andreas. Eg gler meg til å slå eit slag for ekteskapet saman med dei.

Når dei er godt gift reiser eg vidare til Oslo, der eg har store planar om å sole meg, sidan det er meldt fint vêr. Eg følgjer flittig med på yr.no (er ein av mine nye hobbyar), og forventar sol og varme slik som dei seier der. Eg merkar at det blir godt å få slå seg til ro der, for eg er rimeleg lei av å pakke og reise hit og dit etter i sommar. Misforstå meg rett, det har vore supert å vere der eg har vore, men eg gler meg til å sleppe all reisinga. Når Karen Marit kjem med den store kommoden sin, då føler eg at vi er på plass.

Skulestart nermar seg, og eg er... Tja, her skulle eg vel har skrive tusen ulike tankar om at eg gler meg, gruar meg, er spent osb, men som eg er kjent for, så har eg ikkje så veldig mange forventningar. Veldig greitt, for då blir ein andri skuffa, og det trivst eg med. Men eg merkar at eg er nyfiken på kva det vil seie å vere fysioterapeut, og viss det skulle kjenne på noko så må det vere at eg gler meg. Eg må berre få meg joggesko, pikètrøye og knebukse med strikk først. Då kan eg i alle fall sjå ut som ein fysioterapeut.

Men før skulestart er det ein tur til London. Reisefeberen er høg hjå meg, eg sukkar dag ut og dag inn, for eg vil så gjerne til Syden, men London får halde, og det held i massevis. Der er det varmare enn her, musikalar, shopping og ikkje minst U2 på Wembley (!!!). Astrid, Per Inge, mamma og pappa i London. Dette blir gilt.

For ein oppdatering! Dette blir kjekt å lese om nokre år når eg har gløymt kva eg gjorde sumaren 2009.

God sumar til dykk alle!

3 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Morosamt. Eg sit og tek telefonar hos Kirkekontoret i Askøy. Så viss du ring dit, er det eg som møter deg med helsinga "Askøy Kirkekontor."

Du må berre ringe om du kjeder deg på jobb.

Sigrid Karine sa...

Eg synst du takla engelsken veldig bra, Astrid! ;)

Kos deg mykje i London, og lykke til med studiane dine, du e flink :)

Astrid sa...

Ingar: Hehe, har eg inspirert deg til å skrive nynorsk? Det takla du no ganske bra :) Kjekt å svare telefon, ikkje sant? Grei jobb i grunn. Lykke til vidare med det!

Sigrid Karine: Tusen takk for det, Sigrid Karine :) Alltid kjekt med oppmuntring! Og veit du, du er veldig flink du òg?:) Tippe du kjem til å få enda ein kjempeår på Kongshaug.