fredag 7. august 2009

Astrids moteblogg, post 3

Viss du skulle vere så uheldig å dra på deg ein idrettsskade, til dømes viss du ryk eit leddband, er det viktig å bruke riktig utstyr for å få mest mogleg ut av rehabiliteringa. Men du trur kanskje at ustyr ikkje kan gå hand i hand med ein flott stil? Der tar du feil, berre sjå på biletet under! Her ser du meg liggjande i senga på Fjellhaug med ei flott skinne som er laga i moteriktig svart, noko som gjer den så diskrè som mogleg. Ha den gjerne utpå favorittbuksa di (eller ein boxar frå danskebåten) og match med akkurat dei sokkane du vil, for alt passar jo til svart.



Så hiv deg ut i leiken, og tål gjerne steiken. Du vil likevel sjå flott ut!

2 kommentarer:

Anonym sa...

jeg blir virkelig inspirert av motebloggen din, og nå vurderer jeg sterkt å ryke et leddbånd selv. jeg har et par grønne sokker med rosa prikker til til, tror du det blir fint?
klem fra ingrid :) (inningridsverden.blogg.no)

Anonym sa...

hvorfor ikke:)