fredag 13. mars 2009

Hjortesafari

I går hadde koret mitt konsert på Sygna. Suksess. Etterpå følte eg for å kople heilt av, så eg og Per Inge lånte bilen til Sven Arne og reiste til Høyanger for å kjøpe pølse og brus og sjokolade. Nam nam. På vegen tilbake møtte vi mange hjortar. Rundt 15 faktisk. Fire av dei sto på eit jorde, slik at vi kunne sjå på dei, og det gjorde vi. Vi parkerte bilen, sette på langlysa og såg på hjorteflokken. Dei glodde tilbake, og det var i grunn ganske spanande. Vi gjekk etter kvart ut av bilen, og hjortane glodde fortsatt. Men då eg viste fram eit av mine fantastiske talent (bjeffing), vart dei redde og sprang sin veg. Først trudde eg at dei sprang rett mot meg, og då vart eg redd, for eg ville ikkje ha hjort på meg. Men dei sprang ein annan veg, og vi var trygge.

I dag reiser vi på korturné. Eg merkar at eg er spent. Og at eg gler meg. Stikk innom her viss du har tid og lyst:

Gol bedehus, fredag, 21.00
Misjonssalen i Oslo, søndag, 11.00
Filadelfia på Mysen, søndag, 17.00

Snakakst!

Ingen kommentarer: