torsdag 19. mars 2009

Et nytt liv

På måndag kom heile sulamitten heim frå korturné, ein stor suksess. Godt å vere ferdig sjølv om turen var heilt knall. Snille folk, god song og godt fellesskap. Og ein tur til Sverige. For å sei det sånn - eg har snop i skapet!

Eg har kome over eit genialt ord: Vekkjarklokkehistorie. Det er ein historie ein kjem på om morgonen som gjer det slik at det verkar veldig lurt å sove litt lenger. Eg trur eg kunne skrive ei bok berre med sånne historiar.

Tilbake til overskrifta, et nytt liv. I Sverige kjøpte eg meg joggesko, type gore tex, og sidan det (altså fire dagar sidan), har eg brukt dei til trening kvar dag. Eg har fått eit nytt liv, fylt med trening. Og smågodt. I dag har eg vondt i heile kroppen. Kroppen er jo ikkje akkurat van med slike sprell. Men det skal den bli! Et nytt liv, folkens.

Elles så kan eg gle dykk med nokre artige hestenamn. Eg las dei høgt for Per Inge i går då vi snakka i telefon, og vi lo. Mine favorittar var Knurtelurt, Buskelusketuska og Oh Ah Cantona.

Kva ville du kalla din hest?

Ingen kommentarer: