fredag 6. mars 2009

Dei same uansett.

Då eg kom til Sygna var det overhead i møtesalen. Eller det var lagt ut Rop det ut på stolane. Kanskje den blå songboka òg, sidan ikkje alle songane sto i Rop det ut. Talarstolen sto der fast, men den kvite krossen frampå. Talarmikrofon var det òg. Vi visste ikkje ein gong at vi hadde bassgitar på huset, og trommesettet var ganske halvvegs. Forsongarar? Vi kunne jo alle songane uansett. Trengte ikkje det. Møtesalen var pynta med lysestakar med blomar på. Og viss du var pianist måtte du kanskje ta eit par songar på sparket. Matsalen hadde raude stolar, som ein kunne bøye langt bakover. Russestreken låg der som ei trussellinje, og nåde den som gjekk over der. Skulebygget såg akkurat ut som då eg flytta derifrå i 95. Vi hadde ikkje fjernsyn på OL, og viss vi skulle sjå på nrk eller tv2 på hemsen, så måtte vi jobbe litt for å stille inn antenna rett. I russekiosken selde dei grandiosa, for vi hadde ikkje kafé. Der var det biljardbord og nokre slitne sofaer, og mange blå merker i taket. Men brusautomat hadde vi. Å få mikrobølgjeomn på internata, var ein idé vi berre lo av. Skulen byrja 08.30, og vi var ferdig klokka 15.00.

Og vi likte det. Vi mangla ingen ting.

Eg saknar det litt. Det var så enkelt.

No brukar vi easy worship og prosjektor kvart møte. Bassgitaren og det nye trommesettet står klart til bruk, og kvar veke er utfordringa å finne tre mikrofonar som er i orden. Talarstolen har forsvunne, og krossen har blitt mala svart og hengt opp på veggen. Talarane må halde mikrofonen sjølv, noko som i og for seg kan vere ei utfordring. Møtesalen er pynta med bilete, lysestakar på veggane, lecablokkar som tar fyr, og eit bilete som syner kva type torsdagsmøte som er denne veka. Matsalen har fått nye, svarte stolar. Russestreken er fysisk vekke. Skulebygget har blitt lysare. Til og med det lilla miljøkontoret har måtta bøyge seg for kvitmålinga. Både på UH og på OL har dei riks-TV, og på hemsen er det aldri meir leiting etter signal. Biljarbordet er flytta inn til Spelehalli, og kaféen er i full drift. Urbant. Mikrobølgjeomn på kvart internat er sjølvsagt. Skulen byrjar 08.25 og er ferdig 15.15.

Men uansett omgjevnadar, Sygna handlar enno om det same. Spenninga er den same når det blir banka i borda i møtesalen. Latteren er like god. Omsorgen er like stor. Folka er dei same. Ungdommar som har våga seg ut i verda. Kampen om å passe inn, å våge å banke på den døra, å finne den eine venen ein kjem til å ha resten av livet. Å ta sjanser.

Sygna er fortsatt det same. Folka er fortsatt dei same.

Og det er godt.

2 kommentarer:

Heidi sa...

Eg minnest blomstrane i møtesalen, biljardbordet og dei blå sofaene i "kafeen" og alle sofaputene som havna på hemsen. Eg minnest sygnaelevane som eg syntes var så skumle!Eg minnest det godt og saknar det, men det er fordi eg av og til saknar den enkle barndommen min=)

Eg sier det berre, det må vere rart for nokon som gjekk her for 15 år sidan å komme tilbake:P

God helg=)

Anonym sa...

Fint innlegg. Jeg blir helt nostalgisk. Sygna var bra!