torsdag 19. februar 2009

Gratulera! Tusen takk.


I dag er det 9 månader sidan eg nesten tok livet av Per Inge på Ekeberg. Men han overlevde, og lever i beste velgåande, og det same gjer eg. Skulle gjerne sett han i dag, men får heller vente til i morgon, for då skal eg, han og 6 i personalet på Sygna til LONDON!


Shopping. Musikal. Gudsteneste i Hillsong Church. Raude bussar. Indisk mat. Stabucks. Camden. Tax free. Litt varme. Slekt og vener. Per Inge. Sygnapersonale.


Det blir knall!


I dag merkar eg at eg gler meg til å byrje å studere og bu i Oslo. Ikkje fordi eg ikkje likar Sygna. For Sygna er supert, og eg har kjempeflotte dagar her! Det blir spanande å byrje på noko nytt, til dømes å lage mat sjølv. Leilighet og sånn er enno litt på vent, men eg veit i alle fall kva eg skal studere. Økonomi og administrasjon. Ikkje heilt det eg hadde tenkt, men eg trur eg vil like det.


Elles har det vore sjukt mykje snø her i Balestrand. Det er forstatt mykje, men det har vore meir. Dette har vi utnytta ved å ake, ha snøballkrig og skli i Sygnabakken. UH har laga skiarena nedanfor internatet, og brukar den flittig. Eg høyrer knall og fall gjennom husveggen og gler meg over at dei har det så gøy.


Koret skal snart ut på turné. Her kan du møte oss, så viss du er i nærleiken, så kjem du!!


Fredag: Konsert på Gol bedehus ca kl 20.00

Sundag: Delta på møte i Misjonssalen i Oslo kl 11.00 og Syngje på Filadelfia i Mysen kl 17.00


Når det først er snakk om kor, så skjedde det noko sensasjonelt på korøvinga no på tysdag. Då sang koret nemleg firstemt. Då var det bass, tenor, alt og sopran. Supert! Vi er gode!


Men tilbake til det eg faktisk skulle skrive om - gratulera til meg og Per Inge!




4 kommentarer:

Johanne Pauline sa...

GRATULERER til dere!!=)

Og kjekt å lese at du koser deg sånn på sygna. God London-tur!

Johanne Pauline sa...

GRATULERER til dere!!=)

Og kjekt å lese at du koser deg sånn på sygna. God London-tur!

Karen Marit sa...

missunner dere london tur! dere kommer til å få d så fint!

Alette sa...

gratulera:)

eg gleda meg t korturnee:)