onsdag 25. februar 2009

Blakk, men lykkeleg.

I dag er dagen for restitusjon. Eg har ikkje gått, stått eller shoppa noko særleg. Kne, anklar og små stakkars føter må få kvile litt. I går kom eg attende frå London.

Eg braut alle grenser med shoppekondisen min. Tre dagar i strekk, kanskje ni timar på ein dag. Butikk etter butikk etter butikk. Starbucks vart nedprioritert (var der berre to gongar). Det same vart fotballkamp (men det hadde eg heller inga interesse for). Likevel er det ikkje alle innkjøpa mine eg sit igjen med. Heller ikkje We will rock you (første musikalen eg ikkje har grene på. Men eg var mektig inponert). Sundag morgon, Hillsong Church London. Lovsong frå hjartet, ein direkte og utfordrande tale. Kunne gitt mykje for å få vere der kvar søndag. Er frå no av obligatorisk for alle som skal til London. Oppfatta? Godt.

No sit eg på rommet til Per Inge. Han ser på fotballkamp i Trondheimsveien. Eg restituerar alt eg kan. Og eg smarties. Hår nemleg fått dispensasjon.

Vil takke Sygnagjengen og Per Inge for ein flott tur. Skulle gjerne hengt meir med dei som ikkje shoppa så mykje. Vi skal leike London i Balestrand.

PS: Når ein kjem til den dagen då ein så og sei ikkje får igjen buksa, kan ein få panikk av det. Eg har velt å ikkje gjere det. Men det er jo litt upraktisk når ein har ein mindre bukse å rutte med.

PS #2: Skal du til London for å sjå etter sko? Brukar du storleik 36? Då kan du gje opp. I London har dei berre str elefant.

7 kommentarer:

kari! sa...

Hillsong.. det ER så fantasisk! Det er det beste jeg også satt igjen med etter Londonturen. LOVE it!

og elefantstørrelser?? Love that too.

Astrid sa...

Kari: Hillsong halleluja! Syns vi to skal starte det i Oslo til hausten, hehe. Hoppe rundt på scena.
Jada, elefant. Eg spurte etter 36, og så kom dei tilbake med feks 39, og det var jo greitt nok, at dei ikkje hadde størrelsen liksom. Det komiske var at eg MÅTTE prøvde dei på i tilfelle dei passa. Sånn var det over alt. Forresten, kanskje vi snakkast i morgon kveld i misjonssalen? HAdde vore kjekt :)

kari! sa...

hehe. Ja, det er sånn meg med også. Det kaaan hende jeg passer 39, selv om 40 er mer min gate. Det kaaan hende ;)

Vet du? Du ser meg imorgen. Det blir stas, vakre du!!

Karen Marit sa...

elefantstr?? jeg fant sko:) null problem lissom. du leita på feil plass kompis:)

men du, London er så fantastisk. Jeg er London frelst! og Jesus frelst da..:)

Alette sa...

hørs ut som en fin shoppingtur:)
selv om eg ville bare vært der for fotballturen! hehe:p
men eg saknar sygna littegranne, og ser frem mot noen fine uker med deg(for no begynner turnéøvingen kan eg tenke meg).
stor klem fra meg:)

Solveig sa...

ka som skjedd da du nesten tok livet av per inge på ekeberg?

Astrid sa...

Solveig: Eg sa først: Ja, no er vi sammen. Så sa eg: Nei, no vart eg litt usikker, eg trur eg treng litt meir tid. Så sa eg: Du.. Eg bare tulla altså.

Og så vart vi sammen :)