søndag 18. januar 2009

Mirakel

Onsdag 14.01.09, klokka 13.39, skjedde det eit lite under. Eg overvann Sogndal sine lunefulle vegar. Eg klarte å snu på Fardal, eg klarte å snu ein plass opp mott Fosshaugane. Eg køyrte ikkje for fort, eg klarte å ha godt overblikk. Ikkje éin einaste skuleelev vart køyrt ned av Olsen sin o store VW Tiguan. Eg klarte å finne ut kor mykje mønster det var att på dekka.

Lappen var endeleg min! Eg trudde heilt seriøst at eg ikkje kom til å klare det. I følge Olsen var eg ei tikkande bombe, og eg skalv på henda i tillegg til å vere utruleg tissetrengt. Lappen har liksom aldri vore eit tema for meg. Men no er eg ferdig. No skal eg sove godt og køyre pittelitt viss eg har lyst til det, i Solbjørg sin flotte, kvite, doning. Gler meg til min første tur åleine. Det blir gilt.



Eg tar med eit bilete av Olsen, sidan han har vore så flink køyrelærar.

5 kommentarer:

Alette sa...

så det der er Olsen, har hør masse om han! hehe..
gratulerer masse med lappen!
gleda meg til å kjøre med deg! ein gang....

Heidi sa...

Gratulerer så masse Astrid:) Då er vi to som klarde å snu på Fardal! (Men eg var til Kaupanger i staden for Fosshaugane). No er det berre å ringe til astrid når beina blir tunge?

=) nyt det masse og kjør masse, det har du lov til no;)

Anonym sa...

STOLT av deg, suppa!

Ze Brosowic sa...

Olsen er ein god mann. Eg takker han for at eg har lappen.

Astrid sa...

Alette: Der er Olsen i all sin prakt, hehe! Gjett om vi skal ut og råne ein gong :)

Heidi: Eg var til Kaupanger òg faktisk :) Kanskje det var same ruta? Hehe, det er berre å ringe, men eg har jo ikkje bil. Eg kan heller gje deg nokre oppmuntrande ord.

Angelskår bilutleige: Mykje ære til deg!

Knut Håvard: Olsen er ein god mann, det er godt vi er i alle fall to som tykkjer det.