mandag 5. januar 2009

De jer åf tuthausandændeit

Det har blitt ein tradisjon å oppsummere livet mitt her på bloggen på nyåret. Her kjem oppsummeringa av 2008. Eit år som gjekk frå å vere heilt på trynet, til å bli veldig bra!

Januar
Fjellhaug bsk var på ein fantastisk turnè til Sunnmøre. Vi vart verkeleg spleisa samen, og det var på tide. Delekveld på Vestheim var vel høgdepunktet. Elles klarte eg å syngje solo opp til fleire gonger. Eg kjøpte meg plantar på ikea.

Februar
Bursdag! Eg vart 19 år, og kjekt var det. Resten av månaden var ikkje bra. Men det var nokre lyspunkt: Eg sa ja til å bli miljøarbeidar på Sygna (noko som eg byrja gle meg til allereie då), pluss at tur til Bulgaria vart booka. Runar kom på besøk, og godt var det. Eg publiserte "Tilgitt" på bloggen min.

Mars
Dette er vel den månaden i livet mitt som har forandra livet mitt mest. Eg gjekk frå å vere på botn, til å klatre oppover mot noko mykje betre. Sjå mai. Men det skjedde jo nokre kjekke ting her òg. Klassen var i London, der eg grein meg sånn ca ihjel på musikalane, eg tok trafikalt grunnkurs, Hege kom på besøk og eg var i Balestrand ein tur.

April
Vi var ein gjeng som reiste frå Fjellhaug til Sverige for å halde møter. Det var ei flott veke, der vi verkeleg fekk merke at vi kan gjere ting sjølv. Vi kan lage møter, syngje, tale, vi kan bli brukt av Gud! Etter Sverige reiste eg, Martha Berit og Per Inge på tur til Tyskland. Mange trur at det var der eg og Per Inge fann tonen, men det var det absolutt ikkje. Eg hugsar at eg såg på Per Inge i bilen og så tenkte eg: "han der skal eg aldri bli saman med." Hehe. Sigurd vart døypt i misjonssalen, bsk grilla på Bygdøy, Von var stor på Fjellhaug, eg hadde mi siste vakt på Spice og eg fekk smake oreokake. Månaden var liksom eit sprangbrett til fantastiske...

Mai
Eg vart saman med Per Inge! Etter tenking, grining, latter og 100000 andre følelsar, fann eg ut at eg tok sjansen på han. Ekeberg 19.mai. Yess. 17.mai vart feira i misjonssalen med knekte tær og sjuke Von-medlemmar. 31. mai var det avslutningsfest. Dekon hadde vaskemani, og stort sett alle på bsk sat igjen med rosinfingrar.

Juni
Den store sydenmånanden. Det heile byrja med ei veke i Bulgaria saman med jentegjengen frå Fjellhaug. Soling, spa, handling på Sparm og turar til Sunny Beach er nokre stikkord. I tillegg kan vi nemne stolne pass, hehe. Sorry, Maria. Og ikkje minst - ligretto! Vi kosa oss :) 5 dagar etterpå reiste eg og heile familien til Spania for ei veke. For å sei det sånn: Eg vart BRUN! Og det er jo målet med livet, så eg var godt nøgd. Siste veka i juni var eg på sommartreff. Og endeleg kom...

Juli
Denne månaden såg eg Per Inge kvar bidige dag. Vi køyrte land og strand rundt og selde DagenMagazinet. Vi var mange nye, artige plassar, og vi fekk møte mange ulike forsamlingar. Maran Ata var vel det som var mest ulikt det vi er van med, og det var fantastisk kjekt å vere på møter der. Vi fekk til og med vere med i lovsongsteamet med David Aaserud. Herleg! Elles var vi i Hamar (der eg vart helbreda for forkjøling i følgje ein pinsemann, hehe), Spydeberg, Seljord, Grimstad, Lillesand, bryllaup på Gilja osb osb. Eg hugsar faktisk ikkje alle plassane vi var. Men kjekt var det!

August
Siste innspurt av sal + UL før eg byrja på Sygna. UL er alltid bra, så eg gidd ikkje skrive noko om det :) I byrjinga var det rart å vere miljøarbeidar. Eg skal ikkje gå nærare inn på det her, men eg kan no seie at ting går mykje betre no! På opningsfesten fekk eg sprøsmål frå Johanne om å vere forlovaren hennar, og det sa eg gladeleg ja til.

September
Møteveke med Ole Os, eg gjekk på Raudmelen, og Spar vart til Joker. Typisk haustmånad der det ikkje skjer så alt for mykje.

Oktober
Eg sto på teorien, og byrja med køyretimar hjå Olsen. Koret hadde ein pangdebut på haustfesten (eg var så stolt!!), og eg mista stemma. Denne månaden hadde eg det veldig kjekt som miljøarbeidar.

November
Mykje trist denne månaden, og mykje spenning. Men Gud kunne hjelpe oss gjennom dette òg. Eg følte i grunn at sorga gjorde oss meir samla her på Sygna. Vi hadde liksom noko til felles alle saman no. Og du og du kor godt er å kunne ha det bra, når sorga på ein måte har lagt seg litt. Det er trygt å godt å vite at Samson er i Herrens hender, og der har han det godt.

Desember
Eg vart ENDELEG ferdig med å pusse opp kontoret, noko som tok meg umenneskeleg lang tid. Jula kom snikande. Johanne og Torgeir vart gift. Eg kunne gå glad ut ifrå året med gode utsikter for det neste.

3 kommentarer:

Per Inge Belt sa...

herlig lesning...ska e også lage ei sånn liste???

Anonym sa...

fin oppsummering.
skjønte først overskrifta nå
snx og godt nytt år

Astrid sa...

Per Inge: You already did ;)

Samuel: Takk for det :) Hehe, ja, den var kanskje ein smule innvikla. Godt år til deg! Vi snakakst plutseleg.