mandag 1. desember 2008

Let the christmas begin!

Ja, no har det jammen meg vorte desember, og desember kom jammen meg fort! Plutseleg var han her, og no kan julestemninga kome og banke på døra. Til no har det vore lite banking, men salg på Joker har ført til eit særs stort inntak av sjokolade, noko som ikkje er så bra sidan julekjolen fortsatt må sitje fint på. Eg prøvde den i dag, og den passa heldigvis. Då har eg litt meir sjokolade å gå på.

Når det skjer mykje, blir det lite aktivitet på bloggen. For tida er det fleire prosjekt på gang. Eg kan nemne oppussing av miljøkontor og møteveke. To ting på m som tar mykje tid, men som er veldig kjekt. Eller, eg skal vel innrømme at eg kan bli litt lei av å måle av og til, men det er kjekt å sjå kor fint det blir. Lilla veggar og mørkelilla lister skal no bli til vanilje (etter STORT ønske frå Jan Kristian og Sven Arne) og kvit. Det blir fint, eg lovar dykk. Golvet er eit kapittel for seg sjølv, men det blir vel ei råd.

Eg vil fortsetje dette blogginlegget med å leggje ut ønskjelista mi og adressa mi.

Ønskjelista:
- Bag til pianoet mitt
- Pianokrakk
- Mikrobølgeomn
- Oppvaskmaskin
- Skibukse som matchar jakka mi
- Fine cd-ar
- Fleire timar i døgnet
- Tur til Syden

No er det kaffibesøk neste!

2 kommentarer:

Martha Berit sa...

Då e vi to som ete masse sjokolade! Det passa jo i ALLE anledninga: når en berre he lyst på noke godt, når en e letta/glad og vil unne seg ei lita feiring, når en e lei seg og vil trøste seg sjøl, når en vil stilne et snopesug.. You name it! E sitte faktisk å ete sjokolade no :D

Og så en ting til.. Du e fiin!

Anonym sa...

Å, Astrid pastrid potet. Skal du heim i juleferien? Kortid startar juleferien?
Klemmer:) (eg har forresten julekalender med sjokolade. Trenger ny kjole før jul...)