søndag 14. september 2008

TreningsAstrid

Som de alle veit, så er eg ein person som trener utruleg mykje. Helst kvar dag må eg ut og jogge om lag ei mil. Først då føler eg at eg lever.

Eller ikkje...

Eg har ikkje jogga ein meter sidan 3. klasse på vidaregåande. I løpet av året på Fjellhaug trente eg 3-4 gongar. Nei, ikkje 3-4 gongar i veka, men 3-4 gongar totalt. Etter at eg slutta på haugen kan eg telje på ei hand dei gongane eg har vore skikkeleg sliten. Så du kan jo lure på, og det gjer forsåvidt eg òg, kva som gjekk føre seg i hovudet mitt i går. Jaha? Jo. For då bestemte eg meg for at eg ville vere med på fjelltur. Denne helga har eg besøk av Maria, ei herleg venninne, og ho ville på fjellet. Først kom vi opp på utsikten (tar om lag 20 min opp dit. Drittbratt vel å merke), og der pleie eg å gi meg for dagen. Men det var eit eller anna som gjorde at vi gjekk vidare til Klukkshaug, som ligg 489 moh. Og ikkje nok med det! Etter at vi hadde kome opp dit, gjekk vi faktisk heilt opp på toppen av Raudmelen som ligg 978 moh. Fyttigrisen eg er så stolt over meg sjølv! Greitt nok. Siste halvtimen var kvart skritt ein kamp, men eg kom meg jammen meg opp, og humøret var i behold. Eg fekk til og med nokre nye vener på vegen. 4 sauer fulgte etter oss. Kjekt for oss det. Så kva i all verda kunne få meg til å kome meg opp? To ord: Per og Inge. For eg visste det at han ville bli glad viss han såg at eg hadde klart dette her, og eg ville gjere han glad, så difor gjekk eg heilt opp. I dag er eg så stiv at eg går som ein pingvin. Men kva gjer ein ikkje for å glede andre og nye ein fantastisk utsikt over Sognefjorden ein soldag utan ei sky på himmelen? Eg går i alle fall lett på Raudmelen :)

Sidan eg må bruke dataen på kontoret, vart det litt vanskeleg å overføre bilete frå mobilen, men eg brukar eit frå ein annan blogg som illustrasjon. Dette er tatt frå Orrabenken som er laangt frå toppen, men utsikta der er ikkje så verst likevel. Han framst i biletet er minst like fin. (Trykk på biletet under)



I dag er det siste møte i møteveka, og det har vore ei flott veke. Ole Os er ein god mann, det er sikkert og visst. Per Inge er for tida på Hitra, for det meste oppbevart i ein kajakk, og det er spanande å høyre om dagane hans. Til helga skal han reise med Vision til Vestborg, og dit skal eg òg, så det var jo herleg tilfeldig. Gler meg stort til å sjå han att der!! Avstandsforhold er ikkje berre-berre, men gjensynsgleda er utruleg stor :):)

Eg mottar alle medaljar, diplomar og pokalar for min store fjellbragd, med takk.

3 kommentarer:

Anonym sa...

kongi dåo! godt jobba.. fint oppi der vait eg...

Astrid sa...

Samuel: Takk for det du :)Absolutt :) Utsikta er i grunn belønning i seg sjølv.

Anonym sa...

astrid vi er sååå flinke:) var rett og slett ei NYDELIG helg!!!