Tilgitt, elska, utfridd,
men synda kjem så lett.
Kvar dag eg kjempar om å gjere
Det eg veit er rett.
Eg veit at nåden er der,
at barnekår er mitt,
Men korleis kan du elska meg
som går mot ordet ditt?
Kvifor har du skapt meg
Med alle mine feil?
Med mine manglar, med mitt svik,
Knust i bitar, ikkje heil.
Eg veit at Jesus døydde,
For eg strekk ikkje til.
Men skuffinga eg er kvar dag,
Set vel kjærleiken på spill?
Når du er trulaus som du er
kan du vita Han er trufast.
Kjærleiken er evig,
Hans nåde som eit hav.
Rett blikket vekk frå synda di,
Og sjå på Golgata.
Ven, lat Han få elska,
Velsigne, tene deg.
Du må’kje tru tru Han feila
Med slik som du er skapt.
Evner, anlegg og talent,
Du er så langt frå svak
Kan du prøva på å gløyma
Korleis du vil bli
Kom til Han, så vil du sjå
At berre Han kan gjer deg fri.
- Astrid
4 kommentarer:
Fine ord. Veldig fine ord. Og viktige ord!
wow! bra diktning dette her!
d va fint!
Din po(t)et!! ;)
Kjempefint, Astrid.
Legg inn en kommentar