søndag 10. februar 2008

Bloggdag

Søndag er bloggdag. Eg har ikkje noko betre å ta meg til det neste kvarteret, så blogg blir det. I dag har eg stort sett stått opp, sett one tree hill og gått meg vill i Oslo. I dag har det vore herleg sol, så eg tenkte at eg eg kunne utnytte nokre ledige timar med å finne ein veg til jobb der eg kan gå med mine eigne små føter. Til no har eg berre tatt buss. Eg følte lenge at eg peila ut riktig retning og kom til å finne fram, men så kom eg på at eg ikkje har retningssans, så etter ein time med leiting ga eg opp, sette meg på t-bana og køyrte tilbake.

Kva skal eg neste år? Fjellhaug? Hamar?

Ja, det er forresten morsdag i dag. Grattis alle mødre.

I forgårs var eg på ikea, og det er skumle greier. Eg skulle eigentleg berre kjøpe meg ein liten ting til 79 kroner, men det vart sjølvsagt ikkje med det. Folkens; pass dykk for ikea! Det positive er at rommet mitt har blitt ganske så koseleg no, og at eg fekk ei fin oppleving av meistring då eg sette saman eit bord eg kjøpte. Tanken slo meg at eg kanskje skal utdanne meg til snekkar. Tanken slo eg fort frå meg igjen.

I helga har Runar vore på besøk på Haugen. Av og til er det så herleg å prate med nokon som verkeleg kjenner deg og har gjort det ei stund. Runar kjenner meg og har kjent meg ei stund. Takk for besøket!

Elles gler eg meg til å reise til Balestrand og sjå årets russerevy.

Gud er god!

2 kommentarer:

Solveig sa...

Hei. Er du frisk no? Veldig fin lilla hettegenser. I hamar er det snø iallefall. Eg keiar meg. Klem.

Anonym sa...

så koli at du komme tilbake på besøk, på Sygna da... :D
SAVNA russen i fjord eg... :S
blir digg når du og forhåpentlivis fler komme tilbake... ;D