lørdag 6. oktober 2007

Astrid minus eit leddband



I går hadde vi gym her på bibelskulen, og då fekk eg konstantert at det ikkje kjem noko godt ut av dansing, pluss at det kanskje er best at eg sluttar å trene sånn for godt. Om cag 15 minutt ut i timen leikte vi dansetikken (danse-sisten om du vil), og medan eg sto der og dansa, fekk eg plutseleg ein medelev drylt inn i kneet frå sida, slik at det bøyde seg med ein herleg stor vinkel inn mot det andre kneet (og det er ikkje ein naturleg rørsle for kroppen). Eg kjente at det var eit eller anna som rauk inne i beinet mitt, og etter litt om og med kom eg med ned til legevakta. Sjølvsagt måtte eg ringe heim først og høyre om det var lurt, og det var det, for eg var faktisk skada. I går folkens, pådro eg meg ein skikkeleg idrettsskade. Eg røyk eit leddband, eit av dei som du ser på biletet over.

På legevakta måtte eg gå gjennom ein veldig smertefull undersøking der kneet og leggen vart vridd og vendt og strekt og dunka i alle retningar, og på toppen av det heile måtte eg gå gjennom alt ein gong til, for det var ein lege som skulle lære seg korleis ein gjennomfører ei sånn undersøking. Deretter var det tid før rønken, og til slutt tilpassing av den nydelege skinna (biletet under) som eg må gå med natt og dag i 6 veker. I tillegg går eg no på krykker, så eg ser ganske handicappa ut, eventuelt litt som Forest Gump.



Likevel er det mange positive sider ved å vere skada. Eg tykkjer det ser litt proft ut, eg slepp å ha gym på 6 veker, eg har ein unnskyldning for å ta bussen ned til trikken, eg har ein unnskyldning for å ikkje jobbe på gamleheimen i haustferien. Faktisk, den første tanken som fòr gjennom hovudet mitt då eg vart skada var: "Yess, no slepp eg resten av gymtimen!"

3 kommentarer:

kari! sa...

Run, Forrest, Run!
Du HATER virkelig gym du. Og dansetikken? Det hørtes jo faktisk sykt gøy ut:)
Men den utrolig fancy greia du må ha på beinet -den slår jo alle rekorder. Nydelig!

Anonym sa...

Eg kan sjå at det skjer saker og ting borte i Oslo! Håper du elles har det bra i hovudstaden!! God bedring vertfall!!:)

Karen Marit sa...

d e godt du ser d positive i d.åja, d e litt kult å kunne si at en har idrettsskade.. eller e d berre kult for sånne så me som ikkj t vanli driv me så masse idrett?
nei d kan e ikkje tru.. e e jo idrettn sjøl!;)
go bedring!