tirsdag 25. september 2007

Vi ser litt fram og litt tilbake

I det siste har det skjedd utruleg mykje her i Tigerstaden, så dagane har verkeleg gått fort. Førre veke og denne helga som var, vart det arrangert "pinse for alle" i Oslo Spektrum. Pinserørsla feira 100 år, og stelte i stand stor fest. Eg var på tre av arrangementa, og sit att med ganske blanda kjensler. Det første eg var på var opningsmøtet, og det eg sat att med etter møtet var at eg var litt småredd for pinsevener. Dei andre to arrangementa eg var på var konsert med Hillsong og gospelnight. Desse to var verkeleg verd å få med seg! Her vart det mykje bra musikk og forkynning.

På søndag spelte klassen min til allsangen på eit møte i misjonssalen. Eg debuterte som bassist, og likte det i grunn ganske godt. Lyden svikta litt av og til, og eg øydelagte ein gitarsolo, men utanom det var det ei god oppleving.

At Karen Marit, Stine, Arnhild og Kari (Kari er her enno forresten) vitja Fjellhaug, har ikkje akkurat gjort livet dårlegare. Så eg har hatt det kjempebra i det siste, mykje bra har skjedd. No sit eg berre og ventar på at det skal bli fredag og at menig Husa skal kome til Oslo. Dei neste dagane skal BM arrangere møte, eg skal vere leksehjelp, eg skal i bibelgruppe og litt anna ymse, så dagane fram til fredag kjem nok til å gå rasande fort. Og godt er det :)

Sist men ikkje minst: Denne hamna i posthylla mi i dag:



GLEDE!!!!!

3 kommentarer:

Anonym sa...

gidde du oppdrive den derre sesong 1 te meg? HAdde ikke du den? Rogagaten 27, 5055 Bergen

kari! sa...

Ah, her var det mye gull å ta tak i. Jeg begynner med det siste (jeg er jo tross alt en god kristen. "De første skal bli de siste, und so weiter". Prison Break: BRA, Astrid! Du har altså ikke glemt levestilen vi hadde på Sygna;)

Og pinsetiden: herlig. Herlig!

Karen Marit sa...

å prison break!!!å han e så kjekk! første kysse t dæm to e bærre helt fantastisk!!
kjenne e får tåra i ævvåinnj når e tenkje på d!
du å du:)