torsdag 13. september 2007

Beste klassen på tur!

I går reiste BM (klassen min) på tur til idylliske Malmøya sør her i hovudstaden. Når ein bur i ein by tykkjer eg det er vanskeleg å finne ro, fordi det alltid er så mykje som skjer. Men her på Malmøya hadde vi verkeleg ein vakker og roleg dag. Dagen gjekk med til lønnkammertid, sang, klipping og liming av bønekort (dugnad), brettspel, grilling, samling av ting i naturen som kan vere eit symbol på klassen (ja, det var ein veldig rart eksperiment) og ikkje minst den evige kampen om å få varmen i seg. Det var litt kaldt den dagen, så peisen vart fyrt opp og pledda funne fram.
Denne dagen gjekk det verkeleg opp for meg kor heldig eg er som får gå i ein så god klasse. Latteren sit laust, og det er godt å kunne vite at vi kan stole på kvarandre. Gler meg verkeleg til tida vidare med dei 7 andre her på klasserom 104 og ulike scener rundtom i Noregs land.
Bileta er tatt av Svein Jarle i klassen min.






4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Koslig at du legger igjen spor i vår gjestebok! Vi har det fint her nede, og håper du også koser deg! Vi ses vel en gang snart, oslo ligger jo så sentralt til, så det burde gå greit. :)

Marit Grønning sa...

Ja, vi er kjempeheldige som går på Bibel & Musikk! Gleder meg til de mange opplevelsene som ligger framfor oss!

Du er ei utrolig positiv jente som man blir glad av å være sammen med!

Trening som belaster gluteus maximus er bra! Stå på!!

-Marit

kari! sa...

Å, Malmøya! Nydelig. Virker som om dere er en superfin gjeng.

Og: jeg ser potensiale i dere. TURN! FOTBALL! FYRVERKERI!

Den vitsen begynner kanskje å bli liiitt gammel nå. Ser den, Astrid!

Solveig sa...

å, så koselig!! malmøya er herleg!! :) Eg er litt misunnleg.. snakkast! :)