søndag 15. juli 2007

(empty space)

Ja, kva kan eg seie? No er eg heilt aleine i huset vårt her i Isdalstø. Eg lever på grandiosa og sjokoladekake, ser på TV heile dagen og sovnar på sofaen kvar kveld. Sliten? Ja. På fredag spydde eg på jobb. Det er slik eg taklar stress.

Det er mykje å gle seg til for tida. Eg kan nemne at eg skal til Fjellhaug til hausten, og per i dag er det ikkje mange dagane til UL. Folkens, vesle meg som har budd halve livet mitt i Balestrand, skal til OSLO! Eg må seie det at eg gler meg stort. Noko av det første eg skal gjere når eg kjem dit er å ta t-bane, for då føler eg verkeleg at eg er i Oslo. Forresten så trudde eg at Kari berre tulla då ho for 2 år sidan fortalte meg at det er t-bane i Oslo. Men det er det visst! Noreg overgår alle mine forventningar når det gjeld teknologi. Det er godt eg kan la meg begeistre av sånne småting. UL har eg gledd meg til sidan UL i fjor, og at det er så få dagar att til det byrjar er litt uverkeleg. UL blir bra, eg har verkeleg trua på UL :)

I morgon har eg tidlegvakt på gamleheimen. Det passar jo godt inn i min døgnrytme. Not.

I går var eg i Bergen og spelte Buzz og GuitarHero med Arve og nokre vener av han. Eg vann 3/4 gongar i buzz og det føltes meget godt! GuitarHero snakkar vi ikkje om. Men det var eit heilt konge spel. Trur kanskje eg må investere i ein playstation. Når eg først snakkar om investering kan eg nemne det at eg har brukt ALT for mykje pengar i det siste, og då snakkar vi ein stor sum. Eg lærar aldri. Anten har eg mykje pengar eller så er eg heilt blakk. Det finst liksom ingen mellomting for meg. Eg er vel stort sett blakk 90% av tida. Great. Men det skal få ei vending no som eg skal bli stor og ansvarleg den 1.august. Det har eg bestemt meg for. Nemleg!

Elles var eg til optikar. No er eg på nydelege -3.25, eg kjem til å bli enda meir nærsynt, og optikaren sa eg kunne byrje å spare til laseroperasjon. Yeah!

Det var ein av dei lengste og djupaste oppdateringane frå meg på lenge.

Håpar alle har det bra der ute! Eg saknar dykk.

5 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Det er alltid kjekt med kjentsfolk som kommer til Oslo. Men T-banen er oppskrytt. Kan ha noe med at jeg tok tog til skolen hver dag som liten, men men...

Og mens vi snakker om Guitar Hero:
http://www.vgcats.com/comics/
?strip_id=232

Anonym sa...

Du trodde jeg tulla med t-banen i Oslo, men at det var t-bane i Bergen -DEN kjøpte du!;)

God er du. Hehe!

Astrid sa...

Hehe, eg var ikkje HEILT overbevist ;) Men.. Du hadde meg nesten på kroken, det skal eg ikkje nekte for, hehe!

Anonym sa...

Hehe!
Sant det:) Du var jo skeptisk hele veien. Ikke så rart, når du var skeptisk til denne såkalte t-banen i Oslo.

Ikke lenge til UL, nå!!:)

Torstein sa...

Du veit du ka? det er faktisk trikk i oslo og! ;P
God tur til UL!