mandag 4. juni 2007

Å kor glad eg er! (eg har Jesus)

Dette skal eg aldri igjen:
- Ha skriftleg eksamen på vgs
- Ha skriftleg eksamen i 3KJ
- Øve på skriftleg eksamen i 3KJ
- Lese så mykje kjemi over så kort tid
- Skrive notatar frå heile boka
- Teikne eit einaste stygt eksempel frå boka!

Eg er så ferdig med kjemi som det går an. Eg er så ferdig at eg har ikkje ord for det! Aldri meir 3KJ. Viss eg skal gå veterinær må eg ha ein del kjemi, men det blir likevel ikkje det same. Der får eg jo faktisk sjå at det er nyttig for noko.

I dag klarte eg å sitje heile tida ut. Det trur eg ikkje at eg har gjort sidan eg gjorde på ungdomsskulen. Det føltes ok, for då hadde eg liksom gjort alt eg kunne. Viss du lurar på korleis eksamen gjekk, gjekk den ikkje så alt for bra, men den er i alle fall ferdig! FERDIG! Eg prøvde i alle fall å svare på alt, og det var jammen meg ikkje lett, for "Living my life without you", verdas styggaste grand-prixsong av Stig Van Ejik, gjekk om og om att i hovudet mitt. Eg prøvde å få ein annan song på hjernen, men fekk det ikkje til.

Vidare i dag skal eg feire med å sove på den nye senga. Alle på 5-aren fekk ny seng i dag, og godt var det, for vi har sove på golvet dei siste dagane og det har vore litt vondt. I tillegg skal eg fundere på eit lite mysterie. I dag fekk eg eit brev frå Danmark, nermare bestemt House of Brides. Eg har ikkje peiling på kven som har sendt det til meg, og eg vart ganske flau, for vi har jo felles posthylle her på Sygna, og så låg det ein brudekatalog til meg. Off. Eg må finne ut kven det var. Viss nokon har eit tips; gje meg ein lyd!

Men: EG ER FERDIG MED KJEMIEKSAMEN!!!

Dette biletet er frå andre klasse då eg hadde dobbeltsidig lungebetennelse, bihulebetennelse og øyrebetennelse utan å vite om det. Eg tar det med fordi eg ser så fornøgd ut.

3 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Å glede stor som Herren gir alt her på denne jord...

sirBull sa...

Da er det vel ikke annet enn å si gratulerer! :D

Anonym sa...

People should read this.