onsdag 20. juni 2007

JobbJobbJobb



Alle har sine problem. Eg har tre (utenom pollenallergien som gjer meg gal for tida):
1. Eg får ikkje sove om nettene
2. Eg skal på jobb dagane etterpå og det er difor litt dumt at eg ikkje får sove
3. Eg har sagt ja til å jobbe på gamleheim...(...)(...)(...)

Eg trur punkt tre viser kor desperat eg er etter pengar. Aldri i verda har eg klart å bytte bleie på ein unge, og no skal eg gjere det på ein gammal ein! Det blir.. Nei, eg gruar meg rett og slett. Kvar gong eg tenkjer på det får eg ein sånn ekkel klump i magen. Den same klumpen eg får når eg tenkjer på at eksamensresultata snart kjem.

For dagane er eg trøytt og er på jobb. Eg jobbar på gamleheim no òg, men no sit eg på kontor. Får sikkert snart sitjesår. Der sit eg 7,5 timar om dagen og kontrollreknar rekneskap. Med andre ord blar eg i papir og trykkjer på ein kalkulator. Eg likar den jobben særs godt sjølv om den for andre kan høyres kjedeleg ut. Den er ikkje akkurat fysisk krevjande, og dagane går rasandre fort. Det er bra. Skal jobbe i snitt 2 dagar i veka på kontor og 2 dagar i veka i pleie, så eg får litt avveksling. Men herlighet, eg gruar meg til å jobbe i pleie... Det blir.. Ei utfordring. Eg må jobbe litt med dei spyrefleksane mine, for eg har litt lett for å brekke meg, og det kan eg ikkje gjere då.

Elles.. Eg er trøytt ja. Og så introduserte eg mamma og pappa til kebab i dag. Dei likte det veldig godt og vurderar å kjøpe det igjen viss dei følar for å slå seg heilt laus.

Sommarferie funkar bra for meg! Eg gler meg til denne veka er ferdig og neste veke er ferdig. For då har eg nokre dagar fri som eg skal utnytte på beste vis.

7 kommentarer:

Lene :) sa...

ja, eg starta i går, med 9 timar..:/ så her begynne eg rett på altso..! Men men, godt med litt penga..jaffal når eg ikkje har tatt lappen enda..:S

Las her at du ikkje har det lett:P men du overleve nok;) berre tenk på alt det fine du kan kjøpe for pengar, og lev deg inn i drøymeland når du skiftar bleier og hjelper dei stakkarslege gamle med koslege gjermål:)

Klemmer :)

Anonym sa...

Astrid,Astrid! Det er en time som er dritt på begynnelsen -men etterpå er det mye koselig som skjer på gamleheimen:)

Ze Brosowic sa...

Astrid, eg kunne komt med nokre oppmuntrande ord om at det ikkje var så ille å jobbe på gamleheim, men det ville vore løgn. Det er hat, og berre å bite tenna sammen. Men det viktigaste for ikkje å bli gal er å ligge langt unna dementavdelinga. ond, ond plass..

Lykke til med sovinga.

Anonym sa...

ikke enig i det hele tatt med Knut Håvard. Du er faktisk med på å gi disse menneskene en verdig avslutning på livet. Det er helt opp til en selv hvordan man får det på jobb. Hvis man tar seg TID til disse menneskene, så har de så UTROLIG mye å gi tilbake.

Vi skal bli gamle en gang vi også.
Vi får bare håpe at det er noen som vil ta seg av oss da.

Ze Brosowic sa...

Er det ein verdig avslutning på livet å tilbringe ti år på sjukeheim? bli tvinga til å ta tablettar? ikkje få bestemme noko sjølv. Og ta seg tid til dei? Veit ikkje om du har jobba på sjukeheim, men ein har ikkje veldig mykje tid per pasient, fordi dei fleste plassane er underbemanna. Noko som resulterar i at dei stakkars pleiarane som jobbar der føler seg tvunge til å jobbe ekstravakter, noko som igjen medfører at dei blir fort utbrent, og sjukefråveret går opp. Personlig hoppar eg heller utfor ei bru mens eg kan, enn å havne på sjukeheim.

Anonym sa...

Jeg jobber kanskje på et gamlehjem som er litt anderledes enn andre hjem. Der har vi tid til de gamle. Men det er jo faktisk en grunn til at de er på hjemmet, de klarer seg nemlig ikke selv.
Men jeg ser dine poeng.. Likevel så mener jeg at det er det verdt å jobbe på et gamlehjem.

Men hvis du vil hoppe utfor en bru, så skal du få lov til det;)

Anonym sa...

Nei, der hørtes jeg veldig frekk ut, Knut! Hørtes ut som om jeg VILLE at du skulle hoppe utfor.

Det stemmer jo ikke:)