Det skjer kvar einaste gong eg har eksamen eller tentamen. Eg byrjar å utvikle intern humor med meg sjølv. Då sit eg og ler godt for meg sjølv av skrivefeil eller reknefeil.
Døme på kva som skjer når ein har øvd for mykje på kjemi og ord går litt i surr:
Eg er kjempeglad i deg ---> Eg er kjemiglad i deg
Desse iona blir då felte ut ---> Desse iona blir då frelste ut
Vi treng ikkje indikator i denne titreringa ---> Vi treng ikkje diktator i denne tireringa
Merkelege setningar frå kjemiboka:
"Ammoniumiona er ei attraktiv sambinding."
"Sukrose er eit velkjent og populært molekyl."
Eg lurar på korleis eit molekyl kan vere populært eller attraktivt. Oi, har d fått deg eit sukrosemolekyl? Kult då! Det er jo skikkeleg in no.
Som de ser har de all grunn til å bekymre dykk for meg. Eg har ikkje heilt godt av å sitje inne og berre lese. Men mandag 14.00 er det heldigvis over, og då kan eg gå tilbake til mitt normale eg.
Her er eit bilete av det populære molekylet. Du har lyst på eit du òg no sant?
4 kommentarer:
Fett! Überschpa, lissom!
Nice template. blomster og gode greier. Veldig jentete:D
håpe alt går bra med deg:) Klem søs
Det vart litt FOR jentete, pluss at det ikkje gjekk an å ha blogger beta med den, så eg gjekk tilbake til den trygge gamle.:)
Legg inn en kommentar