fredag 27. april 2007

Russedåp!

I går var det då russedåp, og det gjekk føre seg i ein überkald Sognefjord. Ja, eg følte meg ganske så barsk!

Her er grunnane for mitt russenamn (det var ikkje eg som fann på det sjølv, det er dublettkameraten som skal finne det på.)

1. Eg byrja eitt år for tidleg på skulen, og er kanskje ein smule veslevaksen.

2. Eg er glad i bibelen

3. Du ser meg ofte saman med det motsette kjønn

Eg vart då døypt til:

Frøken Bibelstripp

Litt uventa, men gøy!:D

Elles hadde eg munnleg tentamen om Luther sitt syn på frelse, og det gjekk strålande! Alt i alt ein god start på russetida. Bilete av russebukse etc kjem seinare når netten funkar på internata.

Her er eit bilete eg stjelte frå sygnasidene som viser kva me måtte gå gjennom:

4 kommentarer:

Yngvegutt sa...

"munnleg tentamen om Luther sitt syn på frelse"

Fantastisk!

Johanne Pauline sa...

Frøken Bibelstripp!!

Kunne ikkje passet bedre;) De tok deg på kornet der. Hihi

Have fun! Go crazy:)

Ze Brosowic sa...

Haha, passande russenavn. syns eg i allfall:)og den generelle konsensus på bloggen din er enig. Nøgd med arrangementet?

Anonym sa...

You forgot Andrew Jackson’s Big Block of Cheese with nary a macaroni in sight.