tirsdag 13. mars 2007

Fullt hovud

No sit eg her i klasserommet og skal eigentleg øve til matteprøve, men det er ikkje så lett når hovudet blir fylt opp av så mange tankar om andre ting enn vektorar og derivering. Eg har tenkt spesielt på nokre få ting:


1. Eg likar veldig godt tenorstemma på den siste tonen i Händel sinn Hallelujakor, og eg likar då spesielt godt Kongshaug sin versjon av songen for då kjem dette veldig godt fram.

2. Det er mange ting folk trur eg ikkje får til men som eg faktisk får til. Døme: Danse, eit breaketriks, hoppe lengde, brodere. Det er òg mange som trur eg likar Hillsong veldig godt, men det gjer eg absolutt ikkje.

3. Det er mange ting folk trur eg kan som eg absolutt ikkje får til. Døme: Strikke, bake, lage mat, sitje med beina i kors, vere kreativ, teikne, måle, hugse på alle ting. Og ja, det er få som trur eg kan høyre på til dømes Extol, Harmony og sånt, men det gjer eg.


(Stakkars meg, no høyres eg heilt misforstått ut.)


4. Før var det ein sjokolade som heitte Soho, men no finst den ikkje lenger.

5. I refrenget på songen "Vandringsvise" av Odd Nordstogga er melodien tatt frå eit parti i Våren av Grieg. Det er forresten heilt nydeleg.

6. Eg likar ikkje kjemi så godt.

7. Eg er bekymra for at brunfargen min vil forsvinne i ekspressfart.

Ja, det var vel i grunn det. Godt å få lufte tankane. Eit siste spørsmål til dykk lesarar. Ein person sa ein gong i ein bryllaupstale (eller noko sånt):

"Glem aldri henne du aldri møtte."

Det skjønar eg ikkje heilt...

1 kommentar:

Ze Brosowic sa...

interessant blogg. Så mange tankar i eit hovud. Facinerande. Eg pleie å halde meg til ein tanke om gongen, og det er ikkje alltid det fungera det heller:P