mandag 5. februar 2007

NLM og blogging

Eg har lagt merke til (minst) to ting etter eg fekk meg blogg:

1. Viss ein surfar litt rundt på blogspot-bloggar kan ein finne nesten kven som helst som er tilknytta til NLM/ ein såg på UL/ ein såg på GF. Det er ikkje få NLM- ungdommar som har blogspot altså! Dette tykkjer eg eigentleg er ganske kjekt, for då kan eg følgje med på liva til folk som eg kjenner eller som eg berre veit kven er eller har sett.

2. Kongshaugelevar, Tryggheimelevar og Sygnaelevar brukar blogspot, medan Lundenesetelevar brukar weblogg. Har Lundeneset hatte nokre vonde opplevingar med blogspot? Eg skjønar i alle fall ikkje kvifor dei brukar weblogg, det er jo mykje meir jalla og tungvint!




=



Kvifor?

1 kommentar:

Ingar T. Hauge sa...

Så sant, så sant. NLM + blog = sant.