søndag 21. januar 2007

Sukkersjokk!

...og slik får ein det:





I går var ein uturleg artig kveld. Hege, Arve og meg (Astrid) hadde etekveld. Eit etekveld går ut på at ein et, og ein et MYKJE. Menyen besto av taco, brownies, sjokolade, chips, dip og brus. Eigentleg skulle vi ikkje ha brownies, men sidan eg tapte eit veddemål mot Arve måtte eg laga det til han.





Etinga hadde selskap av ein grusom runde norsk grand prix, med hjarte på rette staden og ein god del rundar buzz. Denne gongen rula eg ikkje buzz så grundig, men det snakkar vi ikkje om, for det er eit ømt punkt. Eg fekk verkeleg gjennomgå når eg byrja å tape. Det er ikkje min feil at eg har så sterkt konkurranseinstinkt!! Heldigvis klarte eg å beherske meg, og eg slo Arve berre ein gong. Slå som i fysisk slå ja. Men trur det var eg som fekk mest vondt i handa eigentleg..







Kvelden vart avslutta med korttriks og at eg fekk sukkerjsokk og spydde. Gooood avslutning!

Ingen kommentarer: