tirsdag 26. desember 2006

Årskavalkade

Fleire har laga det. Her kjem min.

Januar.
Eit to månader lang lungebetennelse/sjukdomsperiode byrja å sleppe taket. Eg gleda meg til å fyll 17 år. Feira nyårshelga i Trøndelag med ein gjeng som var russen min. Ein særs skummel oppleving, men eg stifta mange gode bekjentskaper som eg set stor pris på i dag. Var i Oslo med klassen der vi til dømes var på Stortinget.

Februar.
Månaden eg endeleg var ferdig med å vere 16 år. Var på utfordringskonferanse i Oslo og rekruterte ein ny gut til Sygna, Magnus Mjelstad. Fekk ein visjon om kven eg skulle gifte meg med, men det slo rimeleg feil ut. Fekk bihulebetennelse. Hadde mitt lengste opphold på Kongshaug, tre dagar.

Mars.
Månaden då snøen endeleg forsvann og det vart vår. Var på korturnè med Immanuel til austlandet, noko som var kjempekjekt og kjempekoseleg. Fann ut at nasjonalromantikken var min yndlingsepoke i historia. Byrja min godtefriperiode som varte til mai. Då snakkar vi skikkeleg godtefri. Ikkje saft var lov ein gong.

April.
Kanskje den mest kjedelege månaden i året. Eg haddde min siste tyskprøve (takk og lov) og var på UKM i Bergen for å sjå på dei unge talenta. Høyrte særs mykje på Alien Diversity og trivdes godt med dette.

Mai.
Ein kritisk månad for karakterane mine. Eg kom opp i 2MX og dreit meg ut, noko som enno gjer at eg av og til får litt problem med å sove. Hadde det ultratravelt og måtte øve til 2MX- prøve på 17.mai. Velte å vere på Sygna ei langhelg då Sygna feira 25-års jubileet sitt. Brannalarmen gjekk då eg sto i dusjen og eg måtte gå ut i berre handduken. Deltok på ein konsert på Balejazz, noko som var utruleg kjekt. Byrja å bli skikkeleg god ven med Ragnhild Sofie, noko eg er sjeleglad for å dag.

Juni.
Det som hadde vore det mest travle skuleåret mitt nokon gong var over. Eg var ferdig med tysk og hadde noko som skulle bli ein heilt super sommarferie å sjå fram til. Fekk spørsmål om å kome på intervju til å vere deltakar på tv-norgeserien Feriekolonien, men måtte takke nei pga mange planar i juli. Fekk meg sommarjobb som resepsjonist, mista mobilen og fann att mobilen. Var leiar på sommartreff nokre dagar, noko som var heilt konge, og var i to bryllaup.

Juli.
Dette vart årets NLM- månad. Eg var først på GF og deretter på UL. På GF var eg med på eit møte, satt backstage med SUM og elles hang eg rundt med GF si songstjerne: Ragnhild Sofie. Var på Messiaskonsert med Kongshaug, noko som var heilt fantastisk. Fekk jobbtilbod som dirigent for skulekoret og takka ja til dette. UL, årets høgdepunkt, vart som forventa, om ikkje betre. Eg fekk oppfylt ein barndomsdraum: Å sitje i kasse. Song med KREKO på ein bibeltime. Rekruterte ein gut til Sygna, og møtte på nokre andre nye som skulle byrje. Var blitt ein kløppar 
på kabal etter lange dagar på jobb.

August.
Var i Oslo og byrja allereie då å lengte til Fjellhaug. Byrja på Sygna igjen og fann ut at eg ikkje hadde noko som helst inspirasjon til skulen. Vart redaktør for russeavisa og kom i gang med koret. Kunne sjå tilbake på ein fantastisk ferie. Hadde store problem med å få sove om natta og det enda opp med at eg sov to veker på golvet til Hege, noko som gjorde at vi vart veldig godt kjent. Gjorde veldig mykje artig før leksene kom for alvor, og var ein periode veldig flink til å gå i fjellet.

September.
Vinterens sjukdomsperiode byrja tidlegare enn planlagt og varte lenger ein planlagt. Fekk hausten sin første virusinfeksjon.Hektisk hektisk hektisk tid på skulen.

Oktober.
Var i Roma med klassen, ein fantastisk tur, og etterpå gjekk eg frå hus til hus i Oslo etter ein plass å sove i haustferien. Var til saman to veker på farta med sekk på ryggen. Virusinfeksjonen slo til igjen, og eg heime to veker i strekk, noko som gjekk hardt utover skulegangen. Russen arrangerte nattcup, ein stor suksess. Eg lærte meg Askepottsonge på tjekkisk utanboks.

November.
Byrja på skulen igjen etter sjukdomsperioden. Kom i gang med særemne, Vildanden, som vi etter mykje jobbing fekk framført, der vi enda opp med felleskarakteren 5/6. Hadde evig mykje å ta igjen på skulen, og uansett kor mykje eg jobba hadde eg like mykje å ta igjen. Sliten, veldig sliten. Hadde utruleg mykje glede i koret. Hadde besøk frå Tryggheim, bestemte destinasjon for korturnè (Bergen og Stavanger).

Desember.
Evig lei av skulen, kjøpte meg ny kjole som trøyst. Hadde 1000 tentamenar som eg dreit langt i. Var på herleg julefest på Sygna og var på herleg julekonsert i kyrkja. Song ein klassisk song med 5 andre etter masse øving, og koret hadde hatt ei kjempeutvikling. Overlykkeleg over ferie, bestemte meg for å slutte i fysikk, feira jul med familie, vart sjuk igjen.

Konklusjon etter året: NLM ER BRA!






6 kommentarer:

Solveig sa...

God jul kjære Astrid! Sakna innlegg i juli om mannen i vippestol og heisekran på GF, men..........
Håpar du får eit fantastisk år 2007! Og- om Gud vil- at du må få vippestolen din spikka ferdig!

KLEM :)

Johanne Pauline sa...

God konklusjon, din vaskekte NLM'ar!

Øyvind sa...

e har ikke peiling på ka e gjor i februar!!!! korsen du har sånn oversikt?:P

Daniel Vicente sa...

Du e NLM tvers igjenom Astrid. Det liker jeg. Ha et velsignet godt nyttår Astrid.
Kom snart til Kongshuag..

Torbjørn sa...

Liker konklusjonen din!

Eldfrid Marie sa...

Herlig, herlig, Astrid! Dette var god lesing :)