tirsdag 31. oktober 2006

Visjonar




Av og til får eg visjonar, og det er ganske interessant. Nokre gonger får eg visjonar om kva songar eg skal ha i koret, nokre gonger om kva genser eg skal kjøpe, og ein skjeldan gong om kven eg skal gifte meg med. To gonger i livet mitt har eg fått ein visjon om kven eg skal gifte meg med, og begge gongane er det folk eg ikkje kjenner, berre veit kven er og som eg på ingen måte har moglegheit til å bli kjent med. Personar eg aldri har prata meir enn eit par setningar med og som eg aldri kjem til å prate med igjen. Første gongen eg fekk ein såkalla giftevisjon var eg sikker på at det var Jesus som prata til meg, men fyren hadde jo dame (og har det forsåvidt enno)!! Jaja. Det skal ikkje vere lett. Visjonar kan vere irriterande til tider. I pappa sin 50-års dag var det eit vers i songen til pappa som handla om at eg og søstra mi må gifte oss snart.
Kanskje har dette ført til at giftevisjonane har trengt seg på? Hallo, eg er berre 17 år!! Eg skal ikkje tenkje på sånt no! Sånt skal eg ikkje vurdere ein gong før på lenge. Eg er oppgitt. Åshild, har du giftevisjonar? Den songen altså, den sette spor.
Nei, no går eg og legg meg, eg har ikkje godt av å vere så lenge oppe. Eg er redd for at eg skal få ein ny visjon. Eg kjem til å ende opp med gifteangst (gamofobi), det er eg sikker på. Eventuelt har eg tatt skade av ein guttefattig Sygnamiljø. Kven veit, kven veit..

4 kommentarer:

Islandur sa...

Hei Astrid.
Magnus er ein omvend bergensar. Han har ei særskild evne til å få andre til å verkje betre enn dei er.

Når sant skal seiast, så skal eg ikkje nekte for at eg kan spela "Lisa Gjekk Til Skulen" med litt meir spanande harmoniar enn mange andre!

Men dersom me snakkar Blues, så skal du sjå at Magnus hev eit framifrå talent, og han eig meg ganske suverent!

Men du må helsa hjarteleg.

Venleg helsing, Kur.

Ingar T. Hauge sa...

Hehe, velkommen i klubben. Svogeren min maser stadig om at jeg må bli mer aktiv på kvinnefronten. At broderen nå har fått seg kjæreste kommer ikke til å redusere mobbekvoten akkurat...

Johanne Pauline sa...

Eg har hatt flere visjoner om kem du skal gifte deg med, eg!

Kjempebra innsats med Sygnakoret forresten. Du kler å være dirigent!

Åshild sa...

Giftevisjonar,ja...må sei at det er lite av det hos meg...men du har tydeligvis nok av visjoner for ein heil søskenflokk, så ka med å ta ein av dine...og så, kjære søster: ikke gå etter dei med dame og ikke tru at Jesus seie at du skal gifte deg med to stk. Det holde med ein. Og du e bare 17, du får ikke lov til å ta innersvingen på meg!!!!!!!!!!!