fredag 15. september 2006

Snart helg no :)

No sit eg i klasserommet og kjedar meg. Eigentleg går ikkje eg i denne klassen ein gong, men eg sit no her og har eldre historie. Har fritime og ingen ting å gjere på, så eg gjekk berre inn i eit tilfeldig klasserom. Koseleg :)

Tida flyg og det kjem den óg til å gjere i helga. I morgon skal eg berre slappe heilt av, kanskje øve litt på nokre sangar. På søndag skal koret syngje i kyrkja. Vi hadde øving på onsdag, og eg trur det kan funke ganske så bra når vi skal syngje :)

I dag snakka eg for fyrste gong på ein morgonsamling. Morgonsamling går ut på at alle på skulen samlar seg i gymsalen og så er det andakt og det blir gitt beskjedar. Eg gav ein beskjed om kriting i kiosken og koret på søndag. Så no har eg gjort det :) Ein kan nesten ikkje ha gått gjennom sygnatida utan å ha gitt beskjed på morgonsamling.

I går var det ein koseleg kveld. Hege, Eline, Karen Marit, Magnus, Lars Mange og meg gjekk på tur i mørket ned i barnehagen. Det var heilt stjerneklart, og så sat vi der og dissa (huska) og prøvde å slå hjul. Eg fekk det til, eg vart litt stolt. Det er sånne kveldar ein hugsar :)

Tidlegare i dag skaut vi med luftgevær i eit forsøk i 3FY. Då sa læraren noko så genialt som: "De får ikkje lov til å sikta på nokon uengasjert."
Flott, Helge, det er bra sagt. Ein i klassen min prøvde å sjå veldig engasjert ut, men geværet måtte likevel peike rett opp.

Elles er det no mindre enn 2 veker til klassen reiser til roma og mindre enn 3 veker til eg skal vere nokre dagar på austlandet. Gler meg!

Håpar alle har det riktig bra! God helg folkens :)


No no, nokre glimt frå kvardagen på Sygna:

- Kjeledressdagen


- Biltur til Bergen

Ingen kommentarer: