torsdag 14. september 2006

Hektisk

No i det siste har eg verkeleg byrja å merke på kroppen at eg er tilbake på Sygna. Stress? Ja! Gler meg så sjukt til helga, for då kan eg sove så lenge eg vil, i alle fall på laurdag. Søndag skal koret syngje i kyrkja, og då må vi opp tidleg. Eller, ikkje sånn grusomt tidleg, men rundt kl 9.

I går hadde eg fysikkprøve, øvde med lovsagsteam, øvde med sanggruppe, hadde korøving, var på russestyremøte, spelte på møte, lagde til bursdag, feira bursdag, rydda opp etter bursdag og gjorde lekser. Då var det utruleg godt å få leggje seg etterpå. Fysikkprøven gjekk forresten rett vest. Eg trudde eg hadde kontroll, men det må eg for all del ikkje tru, for det har eg visst ikkje.

Bursdagsfeiringa var kjekk :) Vi feira ei i klassen, Eline, som hadde bursdag for 2 mnd sidan. Nokon nemnte noko med ein god grunn til å stappe i seg brownies og non-stop, men det vart ignorert. Skal det vere bursdag, skal det vere bursdag! Det var eit såkalla suprise-party, så det vart til og med litt spenning i kvardagen. Tjohei. Vi vart rimeleg kvalme heile gjengen, og når eg og Hege skulle leggje oss vart det ein god latterkrampe før vi sovna. Forresten leika vi selskapsleikar, noko eg likte utruleg godt. Eg sat og lo for meg sjølv og koste meg som berre det. Dei andre vart diverre lei ganske fort, så då måtte eg leike med meg sjølv men det vart ikkje så gøy etter kvart. Leiken vi leika heiter "Kva ville du gjort viss..". Eine utfallet vart:

"Kva ville du gjort viss Martin Egil skilte seg frå Oddrun og Oddrun gifta seg med Kjell Helland?"
"Eg ville i all beskjedenhet ringt natur og ungdom."

Eg kan meddele at denne er veldig intern for Sygna-folk.

No har eg nett vore og sykla. Eg var så stiv i beina, så eg fann ut at eg burde løsne opp litt. Det var godt, det :) Eg strakk ut alle moglege musklar kjempelenge, og det er få ting som er betre enn det! Forresten, eg er ganske stiv så "kjempelenge" i samanheng med utrstrekking er alt i alt ikkje så lenge. Lat oss ikkje henge oss opp i bagatellar.

No skal eg gå og ete lunch på internat 5 her på Sygna. Her er det tåke, så det ser nesten ut som om det er horisont og at vi ikkje er så innestengt melllom fjell som vi eigentleg er.

Ha ein nydeleg dag :)

1 kommentar:

Ingar T. Hauge sa...

Hva ville du gjort hvis-leken er artig den.