tirsdag 15. august 2006

Feren går mot slutten

Ja, no er eg då inne i siste veka med ferie. Denne veka skal eg jobbe to dagar, pakke, vaske, og så er det opp att til Sogn. Ferien har gått utruleg fort, og eg har ikkje fått slappa av halvparten så mykje eg håpa på, men sånn vart det no og det må eg berre leve med.

Frå torsdag til søndag førre veke var eg i Oslo, noko som var heilt fantastisk kjekt. Var der saman med nokre vener og nøyt ferien og livet. Etter ein haust med mykje sjukdom og andre ting å stri med, har ferien vore ein ja, travel, men god opptur. Eigentleg skulle eg ikkje til Oslo, for dei eg reiste med skulle berre dit for å reise på Brannkamp, men så var det visse faktorar som gjorde at avgjerdsla om å reise falt naturleg inn. Alt i alt, ei heilt konge helg!

Eg må forresten få gratulere mi kjære venninne, Johanne, med bestått teoriprøve til billappen! *Klapp klapp klapp*
I går var eg og ho i Bergen og feira bursdagen hennar og at ho sto på teorien. Vi såg Pirates of the Carrebian (veit ikkje korleis det stavas), og det var ein overraskande bra film! Morosam var den òg. Forresten har eg vore ganske mykje på kino i sommar. Eg er veldig fan av lister, og her kjem ei liste over filmane eg har sett på kino i sommar:
  • Mission impossible III
  • Istid 2
  • Miami Vice
  • The Breakup
  • Pirates of the Carrebean

Her er ei liste over filmar eg har lyst til å sjå på kino:

  • Sannheten om Rødhette

Eg og Stine skal på IKEA på fredag, så kanskje vi stikk innom kinoen då? Det hadde vore kjekt, men eg har lite pengar for tida og må difor *trommevirvel* prioritere. Det er noko eg ikkje er så flink til.

Det er ein ting eg er litt frustrert/sint over, og det er kor lite eg har fått solt meg i sommar. Eg hadde dei planane om å liggje ute i mange timar. Du lurar kanskje på kvifor eg ikkje har gjort dette? Jo, det er to grunnar til dette. Vi slår oss laus og lagar ei liste til:

  • Det er regn... når eg har fri
  • Det er sol... når eg er på jobb

Eigentleg skulle det ikkje vere mogleg å bomme så mykje på vakter og vêr, men det har eg altså klart. På grunn av dette har eg investert i eit solpass. Det er eit slags kontantkort for solarium der du får heile 20% ekstra sol for pengane. Det er berre å bøye seg i støvet, for eit tilbod! Ja, den siste setninga var ganske ironisk.

Nok klaging! Livet er i grunn flott. Eg har til og med trent i dag! Ikkje dårleg det. Litt god gammaldags intervalltrening gjer susen. Forresten fekk eg strekk i leggen, noko som var veldig ubehageleg, men som gjekk over utan at eg fekk varige mèn. Tjohei!

No har eg lemus i overleppa. Spanande.

Eg gler meg til å kome tilbake til internatlivet! Ferien har øydelagt dei sosiale antennene mine, men no er dei klare for restaurering.

3 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Sannheten om Rødhette/Hoodwinked anbefalses på det sterkeste. Mye bedre enn Istid 2 etter min mening.

Ellers staves Caribbean med en i og to b-er :-). Uttalelsen har to varianter, begge er aksepterte.

Johanne Pauline sa...

Takk for en fin dag! You made it complete! ;)

Eg og liker lister. Det e så oversiktelig og greit. Måtte bare si det..

Så må du nyte de siste fridagene før du reiser opp igjen. Tenk, no e det på'an igjen! Kan ikkje akkurat si at eg ser fram til å begynne på skolen igjen. Men, ser fram til å besøke deg, og få besøk av deg utover året!! klemmmm

Per Inge Belt sa...

hmm kanskje e ska ta me en kebab idag??