søndag 30. juli 2006

UL ferdig for denne gong

Ja, då var UL, årets høgdepunkt, over. Det vart visst tre komma i førre setning, men det får du berre leve med. Dagane gjekk så utruleg fort og før eg visste ordet av det var det blitt både laurdag og søndag, og då måtte alle diverre reise kvart til sitt. Det var så mange hødepunkt at eg orkar ikkje skrive omfattande om dei alle. Det å få treffe vener og få nye vener er alltid kjekt, men likevel slår det ikkje møtene som var der. Lovsongen, talane, vitnespyrda, (innslaget til KREKO, haha), forbønn og alt det andre. Sterkt, inspirerande, oppbyggjande og bunnsolid. UL er berre heilt konge!

I dag hadde eg ein ganske rar dag. Det var altså avreisedag frå UL, men sidan UL var så Askøy var det ikkje lange vegen heim, så det var ikkje noko stress for meg å kunne ta det litt med ro og sove lenge. Likevel klarte eg ikkje å sova lenger enn til 12 (eg la meg kl 4) fordi eg var heilt sikker på at dei kom til å hive oss ut etter kvart for å låse skulen der vi sov. Det trengte eg ikkje å bekymre meg for, så eg gjekk og dusja og prøvde å slå ihjel litt tid med det. Etterpå hadde alle reist utanom meg, så eg gjekk og sulla rundt og bestemte meg for å gå og kjøpe kebab, og så gjorde eg det. Dagen før hadde eg avtalt med ein at han skulle køyre meg heim, men eg hadde ikkje peiling på kor tid vi skulle reise berre at det var før kl 16.30. Eg hadde heller ikkje batteri på mobilen og kunne ikkje finne meir eksakt tidspunkt. Me det kjøpte eg meg kebab og så var det berre å setje seg ned kl 14.00 og sjå kor tid bilen dukka opp. Det var enno godt eg ikkje satsa på at sjåføren ville kome kl 16.30 for han møtte opp 14.15. Godt var det for då slapp eg å sitje og vente i 2.5 time på ein heilt tom skule utan batteri på korkje mp3-spelar eller mobiltelefon.
Så altså, i dag har eg opplevd å sulle døgvill rundt på Askøy med kebab i handa og bagasjen ved sidan av meg på graset. Artig.

Forresten, no har eg opplevd å sove utan liggjeunderlag på golv. Eg gløymte nemleg liggjeunderlag og måtte med det sove rett på golvet. Det gjekk eigentleg heilt greitt. Ja, eg er herpa i ryggen men ein må ikkje hengje seg opp i bagatellar.

Eg har funne ut at eg er veldig nøye på grammatikk og sånt, men eg veit ikkje korleis grammatikk stavast. Stavast det grammatikk eller gramatikk? Hmm.. Det skal ikkje vere enkelt.

Ein ting eg hatar ved meg sjølv er at eg alltid gløymer å ta bilete. Til dømes no på UL tok eg berre 2 bilete og det er jo rett og slett berre heilt patetisk. Eg er så DUM!!! ARG!!! Men men, no kan eg ikkje gjere noko med det.

3 kommentarer:

Johanne Pauline sa...

Grammatikk, e det ikkje?? Eg føler meg nokså sikker.

Ja, UL altså. Vet ikkje ka eg skal si. Det var bare så utrolig bra! Kjempe kjekt å møte deg og!

Vil du klippe meg en dag forresten?

Beate sa...

Heilt enig, Astrid;) UL va KONGE!!!! rett og slett!! Kjekt å treffa deg igjen:) og kor modig du va, so hadde vitnespurd framfor SO mange folk..synst da va skummelt nok å synga eg;) hihi!! Konge av deg!! men me snakkast vel... Kos deg so lenge!!!

Ingar T. Hauge sa...

Bare si ifra hvis du vil ha noen bilder (tok en del som sikkert du også kan ha glede av).
Å sulle rundt på Askøy med kebab er jo også en rik opplevelse her i livet.
Sove på gulv uten underlag, ja...har opplevd det samme selv, men mener å huske at jeg sov godt den natta...:-p

Enjoy the summer:-)