onsdag 24. mai 2006

Matteeksamen står for døra

Ja, då er det klart. Då er det ingen ting å lure på lenger. Astrid kom opp i skriftleg eksameni 2MX. Kva tenkjer eg eigentleg om dette her? Eigentleg reagerte eg ikkje i det heile når inspektøren, Martin Egil, leste opp namnet mitt. Det sto mellom tysk og matte, så eigentleg funka matte heilt fint. Eksamen er om akkurat 9 dagar, så då er det øving og øving og øving som står på kalenderen framover. Korleis ligg eg an? Tja, eg trur nok ikkje eg skal stryke for å seia det sånn. Eg er faktisk heilt roleg og det er godt.

Det er forresten grusomt lenge sidan eg har skrive her på bloggen. Eg har eigentleg ikkje gjort så veldig mykje i det siste heller. Eller, det har jo vore 17.mai og greier så eg har jo gjort litt, men elles så har eg for tida tatt livet med knusande ro. Eg meiner no at eg er uoffisielt ferdig med tysk. Det har eg vel kanskje eigentleg vore i eit år no, men no gidd eg absolutt ikkje gjere noko meir. Eg kom ikkje opp i skriftleg, og då kjem eg heller ikkje opp i munnleg, og eg trur ikkje at eg kan blir sett ned ein karakter pga litt dårlegare innsats dei 12 eller 8 siste timane. Forresten gidd eg ikkje gjere noko i resten av faga heller. Det einaste eg har igjen er ein geografiprøve, og den må eg gjere det veldig bra på, men den tid den sorg. Eg skal ikkje ha den før på lenge.

17. mai var forresten ein veldig rar dag. Eller, det var kanskje ikkje så rar dag, men det var ein uvanleg 17 mai. Eg sto opp kl 07.45 for å få med meg flaggheisinga, og det var ganskje kjekt, til trass for at eg og Kjell Mjell så og sei sang solo på "Ja, vi elsker" fodrdi det var nesten ingen andre som kunne andre og tredje verset. Kva lærte folk på barnskulen eigentleg? Dei som ikkje kan andre og tredje verset på "Ja, vi elsker" burde skamme seg, og dei kan i alle fall ikkje bli fotballproffar eller noko sånt. Men altså, etterpå høyrte eg på 17.mai-tale, gjekk i tog, åt ein is og så... Og så gjekk eg og øvde på matteprøve. Eg prøvar å unngå å syne synd i meg sjølv, men akkurat då gjorde eg det. Eg sat på rommet mitt, med bunad og gjorde matte. Men men. Prøven gjekk forresten ikkje så bra, men eg fekk snakkal itt med mattelæraren og han sa eg ikkje kom til å gå ned i karakter likevel. Etter at eg hadde gjort matte i nokre timar var eg på 17.mai-fest der eg og nokre andre spelte og sang, og så ringte Arve meg faktisk, noko han aldri plar gjere sidan han eigentleg er i militære i Spania, men han var altså heime sidan det var 17.mai og så lurte han på kva eg gjorde, og då sa eg at eg øvde matte og det var det. Alt i alt, ein annarleis 17.mai. Forresten var eg kjempeslitan den dagen, så eg var sint på alt og alle og det var nesten farleg å vere med meg for eg kunne nesten finne på å bita nokon. Men no er eg glad, og det til trass for at eg kom opp i matteeksamen.

Forresten er det langhelg no, men eg har ikkje reist heim. Eg er er på Sygna saman med tre 1.klassingar (populært kalla færskisar), tre andreklassingar og 3.klassen. Dette blir kjekt. Men det skjer ein del i helga, så når helga først kjem, då trur eg det kan bli litt liv.

Bla bla bla.

No gidd eg ikkje skrive meir. Jo, forresten eg har byrja å ete sjokolade/snop igjen, og det er godt! Eg trur eg skal kjøpa sjokolade i kveld.

1 kommentar:

Johanne Pauline sa...

kjør på med snop, astrid! det e godt å høre! eksamensforberedelser og sjokolade hører jo sammen! 1+1=2 liksom!! særlig når du har matte eksamen!

eg e VELDIG glad for satslære! det e det aller beste å komme opp i! no e eg hjemme og spiser bare masse god mat og snop og sånn. til helgen får eg dansk snop! det blir fint. vi må snakkes snart! for eg savner deg! lykke til med øving!!