mandag 8. mai 2006

Måndag.... igjen....

I dag er det måndag, og eg hatar måndagar. Måndagar er heilt grusomme! Kvifor? Som oftast har eg hatt ei knallbra helg, og sidan eg er sinnsjukt skulelei for tida er det ikkje ofte at ei ny veke med skule står øverst på ønskjelista mi. Men trass alt, i verste fall er det 46 dagar att til sommarferie. Det går framover! Eller nedover eller noko sånt.

I dag tok vi klassebilete. Det var ingen som visste at vi skulle ta klassebilete, så det vart litt panikkstemning på morgonsamlinga då 90% av jentene fann ut at dei hadde gløymt å dusje og sminka seg osb. Ja, eg var ei av dei, så eg følte meg rimeleg ekkel då eg sat der med eit kamera trykt opp i eit feitt tryne omringa av feitt hår. Men men, det er no berre eit bilete.
Det vart ganske morosamt då vi skulle ta tullebilete. Fotografen tvingte Runar til å stå o bar overkropp og så skulle vi jentene stå på kne rundt han og "tilbe" han eller noko sånt. Trur det vart eit ganske artig bilete!

Vi fekk heldigvis fri frå kjemitimen i dag, så no har eg fri ganske lenge faktisk. Deilig å kunne sitje ute og jobbe, for då får ein liksom gjort to ting på ein gong: sola seg og gjort lekser.

Helga var forresten dritbra! Eg, Hege og Regnhild Sofie reiste heim til meg torsdag. På fredag øvde vi med eit kor heile dagen, og seinare på kvelden var det konsert. Vi tre sang ein sang saman, og det var veldig kjekt. Eg trur det gjekk bra eigentleg. Det gjekk i alle fall heilt greitt med koret. Etter konserten var det kafè og då møtte eg igjen litt folk eg ikkje har sett på lenge, og det var koseleg. Ganske naturleg nok var det gutane eg gadd å snakke mest med, og det var kjekt å få litt avveksling frå dei mildt miljøskadde Sygnagutane.

På laurdag reiste vi først til Bergen sentrum og var der ei stund. Der var det mykje konsertar og liv! Drittgøy. Etterpå reiste vi til *trommevirvel* Kongshaug! Det var utruleg kjekt. Vi sat og sola oss masse og snakka med masse koselege folk. Eg stifta meg sjølv med ein stiftemaskin, og det var litt vondt, men sånn kan det gå. På kvelden var det småkonsertar, og det var eit band der som covra Beatles. Utruleg bra! Då kosa eg meg.

Søndag reiste eg og Hege ganske tidleg tilbake til Balestrand, sat 1.5 time i Vadheim og sola oss og åt nøtter, og så var vi tilbake til reality, til Sygna. Men det gjekk i grunn greitt nok det. De var jo så fint ver!

Det er forresten fint vè r her i dag òg. Heilt utruleg deilig! Eg trur eg må gå og varbere leggane mine. Ja, det gjer eg.

Eg vil forrsten gje ein stor takk til Johanne! TAKK! Du er heilt heilt konge :D

1 kommentar:

Johanne Pauline sa...

takk til deg og!! eg storkoste meg i helgen! veldig kjekt med besøk! koselige folk du hadde med deg... det e sol og fint her enno! det e bare så deilig at eg ikkje har ord...i dag har kun to timer på skolen, så gjett kem som skal ut og få farge? ellers, eg og martha berit hadde andakt i dag. vi viste en powerpoint og hadde en allsang. gikk fint..vi viste salme 23: herren er min hyrde, jeg mangler ingen ting, han lar meg ligge i grønne enger, han leder meg til hvilens vann. Tenk på det når du ligger ute på gresset og soler deg! det skal eg gjøre no! snakkes!