torsdag 16. februar 2006

Matteprøven som gjekk rett i dass

Eg hadde så lyst til at denne matteprøven skulle gå bra! Eg hadde øvd kjempemykje, men ei veke vekke frå skulen hadde sett sine spor, og det enda opp med at eg sat og såg ut som ein lama og ikkje fekk til nokon ting. Men Martin Egil er ein bra fyr, og vil nok forstå. Det sa i alle fall Bjørg, og ho er trass alt rektor, så då vil det nok gå bra. Men at det var litt synd med den matteprøven, det er det ikkje tvil om. Jaja.

I morgon er det vinterferie, og vanleg vis plar eg ikkje gle meg sånn kjempemasse til feriane. Det er ikkje det at gruar meg til å reise heim, det er liksom berre det at det er greitt nok å kome heim, ikkje noko meir enn det liksom. Men no blit det faktisk ganske greitt å kome seg heim ein tur. Det kan godt ha noko med at eg ikkje har vore heime på nesten to månader, og det er ikkje til å stikke under ein stol at Balestrand blir litt aude sjølv om eg har vore i Oslo tre gonger sidan november. Balestrand er heilt flott, ikkje noko med det, men av og til er det rett og slett godt å kome seg litt vekk.

Eg har brukt alt for mykje pengar i det siste. Ja, eg har fått lønning frå barnehagen osb, men likevel burde eg ikkje brukt så mykje no når eg var i Oslo. Eg brukte mykje pengar på ting eg eigentleg ikkje treng, men som eg berre hadde lyst på. Er det positivt? Nei. Det er veldig negativt. Eg må sei det at det stakk i hjarta då eg kjøpte ein genser eg berre hadde litt lyst på, og det rett etter eg hadde høyrt eit foredrag om kor forferdeleg folk har det i Afrika. Men eg er vel ein vanleg nordmann som berre tenkar på meg og mitt.

Batteria på kalkulatoren min er tomme. Kalkulatoren er sliten, han.

I dag oppdaga eg ein ganske markert skjolde frå sjølvbruningskremen. Eg vart ikkje så alt for brun utanom akkurat der. Det var ikkje så fint, så det passar i grunn greitt at fargen går vekk etter eit par dagar.

I dag skal eg lade mp3-spelaren min anten Andreas vil det eller ikkje, og sånn er det med den saken! Vaske kle må eg òg.. Og øve på sangane eg skal spele på møte. Eg er litt sliten, det er ikkje til å stikke under ein stol. Jaja. No er det snart ferie. I morgon :)

I morgon reiser eg forresten til Kongshaug litt utpå dagen. Trur ikkje det har heilt gått opp for meg. No gjekk det litt meir opp for meg. Eg gler meg kjempemasse faktisk :) Johanne! GaRRja! Hohoho, det blir ei morosam helg trur eg.

Nei, no går eg til middag. I dag er det pølse og potetmos, og det funkar i grunn heilt greitt for meg!

4 kommentarer:

Johanne Pauline sa...

no e du her om tre kvarter!!!!! ååå, eg gleder meg som en liten ponnie, som skal fores!! faktisk!!

Johanne Pauline sa...

eg syns du skal oppdatere bloggen din oftere, astrid...det var kjekt med besøk i helgen!! eg koste meg!!!!!

Johanne Pauline sa...

astrid, no MÅÅ du oppdatere bloggen din! blir gaaaaal!!! sånn.

Johanne Pauline sa...

KOOOMM IGJEEEEEEEEEENN DÅÅÅ!!! :P