onsdag 8. februar 2006

In der Haupstadt

Ja, no sit eg i Oslo og har nett fått meg blogg. Eigentleg er dette litt dumt av meg, for eg har allereie ein blogg frå før av, og no har eg to bloggar eg må tameg av, men for all del, eg har jo gjort dette høgst av min eigen fri vilje, så no får eg berre gjere det beste ut av situasjonen eg har rota meg opp i. Kvifor er eg i Oslo? Jo, eg vart sendt av Sygna hit til Fjellhaug på noko som kallast utfordringskonferanse. Her lærer vi om misjon og kva vi sjølv kan gjere. Det er ganske interessant, pluss at eg får ei heil veke med gyldig fråver, eg får møte masse nye folk og så er det ikkje til å stikke under ein stol at Oslo har litt større shoppingtilbod enn Balestrand som i grunn berre kan by på coop og spar. Men for all del, Balestrand gjer at eg ikkje brukar så mykje pengar som eg kunne ha gjort viss eg hadde budd i ein by, og det er jo eigentleg berre veldig positivt. Men no har eg altså fått meg blogg og til no trivst eg godt med det. Ikkje nok med at eg har fått meg blogg, men eg møtte på ein som likar nynorsk like godt som meg, og som eigentleg kjem frå eit bokmålsområde. Herrlich :)

3 kommentarer:

Johanne Pauline sa...

hei! eg e den første som skriver kommentar til deg!! ser på det som en stor ære..det e så kjekt å være i oslo med deg!! vi to! eg og du! du og eg! kos deg videre! glad i deg, du din nynorsk-frik!!

Astrid sa...

Nynorskfrik? EG?!

Johanne Pauline sa...

neida, du bare brenner veldig for det! veldig! eg skal prøve å begynne å skrive mer nynorsk..det e jo fint! det e du og! glaa i deg!