fredag 14. desember 2012

Godt




Det er så godt å ha det godt.


Når den gjennomsnittlege kjensla er at "dette kjem til å bli ein god dag". Når ein har fleire smil å gje enn ein føler ein treng. Når ein kjenner på ei lyst til å berre vere god mot dei rundt seg.


Når ein ikkje treng dei store opplevingane, dei store reisene eller dei dyre tinga for å kunne kjenne at ein er i live, at ein er her og no.


Når ein ikkje stadig kjempar mot seg sjølv og alt ein ikkje vil vere, men kan kjenne at ein fell til ro i seg sjølv - og er fornøgd.


Når den usikre framtida ikkje er skummel, og ein berre ser fram med forventning på det som ein gong skal kome.


Når det å vere kristen føles ut som ein vekseprosess der ein stadig får nye utfordringar som ein merkar ein kan meistre. Saman med Han der oppe sjølvsagt. Aldri aleine.


Når ein berre kan sitje i ro heilt aleine og ikkje kjenner eit einaste lite snev av ein vond klump i magen, berre ei kjensle av at ein kan sitje og vere til.


Når ein syklar på nordsida av ein vakker nordlandsby, og følgjande tanke slår deg: Eg har det faktisk veldig godt! Eg er ikkje lei meg, eg er ikkje trist. Livet er faktisk fint.


Når ein legg merke til at mørketid ikkje berre handlar om mørke, men om ein fantastisk flammehimmel ein aldri har sett makan til.


Eg har det godt. Og det er godt å ha det godt. 

1 kommentar:

Anonym sa...


http://petinsuranceuks.co.uk And don't forget why you're taking out the insurance in the first place - a high level of cover for vets' bills is probably more important than a host of minor fringe benefits. The dog owner can go to any veterinarian in the state where service is given.